Eit sett med datamanipulasjonsreglar (til dømes eit instruksjonssett eller eit programmeringsspråk) er sagt å vere turingkomplett viss det kan brukast til å simulere kvar og ei turingmaskin. Då vil det følgje at desse reglane skal kunne uttrykkje eit kvart problem som kan bereknast. Konseptet er oppkalla etter den britiske matematikaren Alan Turing.