Turkmeneli

Wikimedia-listeartikkel

Turkmeneli (tyrkisk Türkmeneli[1]) eller Turkomania er eit område som irakiske tyrkarar, hovudsakleg Den irakiske turkmenfronten, har gjort krav på som heimlandet sitt.

Flag of Iraq Turkmen FrontVEC.svg

Det strekkjer seg frå grensa til Syria i nord til Iran i det sentrale Irak. Regionen ligg mellom dei arabiske områda i sør og dei kurdiske områda i nord.[2] Området er meint å omfatte Kirkuk, Tel Afar, Mandali, Mosul og Tuz Khormato,[3][1] og Kirkuk vert rekna som hovudstaden.[4] Somme kjelder meiner òg at Erbil og Salah ad-Din er ein del av kravområdet.[2]

Forslaget om ein tyrkisk/turkmensk autonom region vert rekna som særs kontroversielt.[5] Den 17. juli 2017 føreslo tyrkarane at Tel Afar og Tuz Khurmatu skulle bli ein autonom irakisk-tyrkisk region og bad om at Kirkuk skulle få «spesialstatus».[6]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Anderson & Stansfield 2009, s. 57.
  2. 2,0 2,1 Oğuzlu 2001, s. 13.
  3. Anderson & Stansfield 2009, s. 16.
  4. Ezzat 2012.
  5. Osman, Khalil F. (2015). Sectarianism in Iraq: The Making of State and Nation Since 1920. Routledge. s. 243 f. ISBN 978-1-138-77946-4. 
  6. [1] Iraqi Turkmen to propose ‘special status’ for Kirkuk

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Turkmeneli

Koordinatar: 35°12′4″N 43°57′54″E