Opna hovudmenyen
Turks and Caicos Islands
Flagg
'
Flagg Våpen
Turks- og Caicosøyane på verdskartet
Status Britisk oversjøisk territorium
Dronning
Guvernør
Elizabeth II
Ric Todd
Hovudstad Cockburn Town
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

417 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 21 746 (2007)
ca. 52,1/km²

Verdsdel Sør-Amerika (Karibia)
Internet-domene .tc
Tidssone UTC -5
Internasjonal telefonkode +1-649
Nasjonalsong God Save The Queen


Turks- og Caicosøyane er eit britisk oversjøisk territorium i Karibia som omfattar to øygrupper, Turksøyane og Caicosøyane. Territoriet omfattar 8 større og meir enn 20 små øyar. Arealet er 417 km². Øyane har ca. 31 000 innbyggjarar. Rundt 22 500 av dei bur på øya Providenciales i Caicosøyane. Hovudstaden Cockburn Town ligg på Grand Turk Island, om lag 1042 kilometer aust-søraust for Miami i Florida i USA.

Turks- og Caicosøyene ligg søraust for MayaguanaBahamas og nord for øya Hispaniola. Øyane er geografisk samanhengande med Bahamas, men har eit heilt anna politisk system enn nabolandet. SN reknar Turks- og Caicosøyene som eit ikkje-sjølvstyrt område.

Ein bruker amerikanske dollar som valuta på øyane. Fordi Turks- og Caicosøyane er eit britisk oversjøisk territorium og ikkje ein sjølvstendig stat, kan utlendingar ikkje oppnå statsborgarskap på øyane.

Dei aller første innbyggjarane som kom til øyane var arawak-talande tainofolk som kryssa over frå Hispaniola ein gong mellom 500 og 800 etter Kristus. Andre folkegrupper, indianere og nomadar, kryssa òg over til øya frå Cuba som ledd i ein migrasjon mot det sørlege Bahamas. Fleire av desse busette seg permanent på det som no er kjent som Turks- og Caicosøyene.

Turks- og Caicosøyane var mellom dei første landområda i Amerika som vart vitja av europearar etter at Christopher Columbus kom dit, kanskje vart dei vitja av Columbus sjølv alt i 1492. Øyane vart ikkje koloniserte før mot slutten av 1600-talet, og først i 1799 vart dei annekterte av Storbritannia, som del av kolonien Bahamas.

Sidan 1917 har det til tider dukka opp forslag om at Turks- og Caicosøyane skal bli del av Canada, og dette forslaget vart igjen drøfta i 2004,[1] men har så langt ikkje blitt noko av.

NamnEndra

Turksøyane er oppkalla etter kaktusarten Melocactus communis, på engelsk kalla Turk's cap cactus. Namnet til Caicosøyane kjem frå lucayansk caya hico, som tyder 'øykjede'.[2][3][4]

GeografiEndra

 
Kart over Turks- og Caicosøyane
 
Turtle Bay

Dei to øygruppene ligg i Nordatlanteren, søraust for Bahamas og nordaust for Cuba, rundt 160 km nord for Hispaniola og rundt 1000 km unna Miami i USA. Koordinatane er 21°44′N 71°48′WKoordinatar: 21°44′N 71°48′W.

HistorieEndra

Dei første spanske oppdagarane kom til området litt før 1500. Spanjolane tok dei innfødde som slavar, og området var så godt som avfolka på byrjinga av 1500-talet. Det blei verande nesten folketomt til slutten av 1600-årane. I tida frå 1500 til slutten av 1700-talet gjekk Turks- og Caicosøyene fram og attende mellom spansk, fransk og britisk kontroll, men ingen av desse tre stormaktene etablerte nokre langvarige busetjingar.

På byrjinga av 1700-talet var øyane populære skjulesteder for sjørøvarar. Frå 1765 til 1783 var øyane under fransk okkupasjon. Etter den amerikanske revolusjonen (1775–1783) flykta mange amerikanske lojalistar til dei karibiske koloniane, mellom anna til Turks- og Caicosøyene, og dermed fekk øyane sin første faste busetnad.

I 1841 forliste det spansk slaveskipet «Trouvadore» utanfor kysten av ei av dei største Turks- og Caicosøyane. 192 afrikanske fangar overlevde forliset og kom seg i land på øyane, som då var under britisk styre. På desse øyane var slavehandel ulovleg, så dei overlevande slavane fekk plass som lærlingar i næringslivet på Grand Turk Island.

I 1873 blei øyane gjort til ein del av kolonien Jamaica. I 1917 foreslo den dåverande statsministeren i Canada, Robert Borden, at denne kolonien skulle bli ein del av Canada, men forslaget blei avvist av den britiske statsministeren David Lloyd George. Øyane blei verande ein del av Jamaica fram til 1959.

Den 4. juli 1959 blei øyane igjen ein eigen koloni. 31. mai 1962 blei øyene eit av dei grunnleggjande medlemmene av den kortvarige vestindiske føderasjonen. Då Jamaica blei sjølvstendig frå Storbritannia den 16. august 1962, blei Turks- og Caicosøyane eigen kronkoloni. Frå 1965 var guvernøren på Bahamas også guvernør for Turks- og Caicosøyane. Bahamas blei sjølvstendig i 1973, og dermed fekk Turks- og Caicosøyane ein eigen guvernør.

Øyane har sidan den gongen hatt si eiga regjering som er leia av ein guvernør. Den første av desse var James Alexander George Smith McCartney, som var guvernør frå august 1976. Sjølvstyre, ein eigen grunnlov og fullstendig sjølvstende har vore diskutert med jamne mellomrom sidan den gongen.

I 2008, etter at medlemmar av det britiske parlamentet gjennomførte ein rutinemessig gjennomgang av administrasjonen på øyane, fekk dei fleire rapportane om eit høgt nivå av korrupsjon på Turks- og Caicosøyene, og fleire politikarar blei mistenkte for å bruka offentlege middel til eiga nytte. Den britiske regjeringa tok over makta igjen i 2009.

AvkoloniseringEndra

Turks- og Caicosøyene står på SN si liste over ikkje-sjølvstyrte område.[5]

SN sin spesialkomité for avkolonisering overvaker implementeringa av Fråsegna om sjølvstende for koloniland og -folk og følgjer den politiske utviklinga i Turks- og Caicosøyane. Storbritannia er som administrasjonsmakt forplikta til å rapportera til avkoloniseringskomiteen. Storbritannia argumenterte i 2012 for at SN sin spesialkomité for avkolonisering ikkje lenger fylte noka relevant rolle for dei britiske oversjøiske territoria. Den britiske regjeringa viste til at øyane hadde indre sjølvstyre og burde vore fjerna frå lista over ikkje-sjølvstyrte område. Samstundes anerkjende Storbritannia retten til territoria til sjølv å avgjera framtida si.[6] Regjeringssjefane i dei britiske oversjøiske territoria blei i desember 2012 samde om ei fellesfråsegn som bad avkoloniseringskomiteen stryka dei territoria som ynskte det av lista over ikkje-sjølvstyrte område.[7]

Generalsekretæren i SN Ban Ki-moon stadfesta i august 2013 SN si forplikting til arbeidet med å få slutt på kolonialisme og tok til orde for sjølvstende for dei gjenverande ikkje-sjølvstyrte områda. Samstundes anerkjende han at folket i slike område ikkje naudsynlegvis ønskte sjølvstende, men la vekt på at dei måtte få eit val.[8] SN ville sjå på retten til sjølvstyre i eit område som Turks- og Caicosøyene for å vera oppfylt dersom folket fritt kunne velja mellom tre alternativ: 1) bli ein sjølvstendig stat, 2) bli ein assosiert stat tilknytt ein annan uavhengig stat, eller 3) bli heilt integrert i ein annan uavhengig stat.[9]

KjelderEndra

  1. http://web.archive.org/web/20040430025500/http://www.cbc.ca/news/background/turksandcaicos/
  2. Unknown. «Turks and Caicos – History». Geographia.com. Henta 22. mars 2017. 
  3. «Turks and Caicos». Turksandcaicostourism.com. 24. januar 2013. Henta 22. mars 2017. 
  4. «CIA World Factbook- Turks and Caicos Islands». Henta 19 July 2019. 
  5. «Non-Self-Governing Territories». De forente nasjoner. Henta 18. september 2013. 
  6. «Special Committee on Decolonization 'No Longer Relevant' to Overseas Territories of United Kingdom, Fourth Committee Told». FNs generalforsamling. 11. oktober 2012. Henta 19. september 2013. 
  7. «Overseas Territories reaffirm self determination and call for de-listing from Decolonization Committee». MercoPress. 7. desember 2012. Henta 19. september 2013. 
  8. «UN reasserts push to end colonialism». SBS Radio. 26. august 2013. Henta 19. september 2013. 
  9. «Principles which should guide Members in determining whether or not an obligation exists to transmit the information called for under Article 73 e of the Charter». Refworld, UNHCR. 15. desember 1960. Henta 19. september 2013.