Tuss og Troll er ein norsk teikneserie basert på eventyr. Teikneserien gjekk i Norsk Barneblad i tidsrommet 1944 - 1955. Sidan 1945, unnateke 1947, har Tuss og Troll kome som julehefte.

Innhald endre

I starten var det norske folkeeventyr som vart teikna. Fyrste eventyret som var teikna, både i Norsk Barneblad og i juleheftet, var «Mons Raudskjegg». Seinare har det og vorte brukt eventyr av H.C. Andersen og frå 1001 natt. Likeeins er det brukt stoff frå lokale eventyrsamlingar.

Tekstskrivarar endre

Nokre år var fleire av desse saman om teksta.

Teiknarar endre

Øyvind Dybvad, som stod bak ideen om teikneserien, fekk Jens R. Nilssen som teiknar. Han teikna så lenge serien gjekk i Norsk Barneblad. Frå juleheftet i 1956 overtok Solveig Muren Sanden. Ho teikna trolla snillare enn Jens R. Nilssen. Han teikn troll og miljø i ein stil inspirert av Theodor Kittelsen. Siste åra har Håkon Aasnes teikna saman med Solveig Muren Sanden.

Kjelde endre

  • Knut A Brandal «Tuss og Troll - teikna eventyr» i Tuss og Troll Jula 2008
  • aasentunet.no