Tusta Wefring

Tusta Wefring (26. mai 19252. november 2014)[1] var ein norsk-dansk tekstilkunstnar.

Tusta Wefring
Verkeleg namn Inger Johanne Wefring
Fødd 26. mai 1925
Oslo
Død

2. november 2014 (89 år)

Yrke tekstilkunstnar

Ho voks opp på Stabekk og var dotter av biletkunstnaren Gunnar Wefring og Signe Ivarsdotter Mortensson Egnund (1898–1977). Morfaren var forfattaren og nynorskmannen Ivar Mortensson-Egnund.

Wefring studerte stofftrykk på Kunst­hånd­vær­ker­sko­len i København. På 1960-tallet gjorde ho suksess med måla ryggsekker, kjoler, jakker og busseruller. Ho hadde ei rekke utstillingar i 1950 til 1970-åra, mellom anna i London og på Me­tro­po­li­tan Mu­se­um i New York. Ho fekk utsmykkingsoppdrag i rådhusa i Bir­ke­rød, Hillerød og Haderslev, i Hvidovre Hospital og i fleire av avdelingane til Danske Bank.[2]

Tusta Wefring var gift med Steen Bjarnhof frå 1949, og med den danske sølvsmeden og skulptøren Søren Georg Jensen (1917-1982) frå 1956 til 1973.[3]

PublikasjonarEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra