Tuvaluansk
Tuvaluansk (eige namn Te 'gana Tūvalu[1]) er eit polynesisk språk som blir snakka fremst på Tuvalu, og av utvandrar frå Tuvalu. Språket blir forstått av dei som snakkar tokelauisk. Tuvaluansk er saman med engelsk offisielt språk på Tuvalu. Talet på talar er cirka 11 000.[2]
Tuvaluansk Te 'gana Tūvalu | ||
Klassifisering | Austronesiske språk Oseaniske språk Polynesiske språk Marquesasspråk | |
Bruk | ||
Tala i | ![]() | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | mrq |
Språket blir skrive med det latinske alfabetet.[3] Heile bibelen vart omsett til tuvaluansk i 2016[4]
Dialektar
endreDialektane skil seg litt frå kvarandre mellom dei ulike øyane i Tuvalu. Det er vanleg å dela opp språket i to hovuddialektar, ein nordleg og ein sørleg.[5] Den sørlege, særleg den som blir prata på hovudatollen Funafuti, bruker ofte blir vurdert som den meir «standardspråklege».
Fonologi
endreKonsonantar
endreBilabial | Alveolar | Velar | Glottal | |
---|---|---|---|---|
Nasal | m | n | ŋ | |
Plosiv | p | t | k | |
Frikativ | f | v | s | h | |
Lateral | l |
Kjelde:[6]
Vokalar
endreFremre | Sentral | Bakre | |
---|---|---|---|
Lukka | i | u | |
Halvopen | e | o | |
Open | a |
Kjelde:[6]
Grammatikk
endreOrdstillinga er relativt fri. Ofte blir rekkjefølgja VSO brukt. Det er likevel mogleg å endra på denne rekkjefølgja, t.d. om ein vil framheva noko. Derfor er det vanleg med ordstillingarsom OSV eller VOS. Òg SVO er temmeleg vanleg.
Tuvaluansk er eit ergativt språk. Det inneber at subjektet i ei transitiv setning (i dei fleste tilfellet) blir merka med ein særskild partikkel, nee (eller i visse dialektar e), medan subjektet i ei intransitiv setning blir handsama som det direkte objektet i ei transitiv setning, nemleg umarkert. Tuvaluansk skil seg dermed frå nominativ-akkusativ-språk, der det er subjektet i den transitive setninga som blir markert på same måten som subjektet i den intransititve.
Kjelder
endre- ↑ «Tuvaluan». Ethnologue (på engelsk). Henta 28. mars 2021.
- ↑ «What Languages Are Spoken in Tuvalu?». WorldAtlas (på engelsk). Henta 28. mars 2021.
- ↑ «ScriptSource - Tuvaluan written with Latin script». scriptsource.org. Henta 28. mars 2021.
- ↑ «Tuvaluan, Ellice Islander in Tuvalu». joshuaproject.net (på engelsk). Henta 28. mars 2021.
- ↑ «Glottolog 4.3 - Tuvalu». glottolog.org. Henta 28. mars 2021.
- ↑ 6,0 6,1 «Tuvaluan language, alphabet and pronunciation». omniglot.com. Henta 28. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Tuvaluanska» frå Wikipedia på svensk, den 17. mars 2025.