Tveit prestegard
58°13′42.985″N 8°7′16.680″E / 58.22860694°N 8.12130000°E
Tveit prestegard (gnr./bnr. 110/1) ligg like sørvest for Tveit kyrkje i Kristiansand kommune i Vest-Agder.
Hovudbygningen er lafta i to etasjar og vart oppført mellom 1812 og 1820.[1] Ved ei omfattende vøling i 1884–87 vart bygningen utvida med ei kontorfløy på vestre gavlvegg. Bygningen har liggjande panel utvendig. Det vart gjort om på romfordelinga i 1960-åra. Prestegarden vart freda i 1991.
Også ein gravhaug i prestegardshagen er freda.[2] Det er elles gjort diverse funn i prestegardsområdet.[3]
Tveit prestegard er staden der Tveit formannskapsdistrikt (kommune) vart konstituert 10. januar 1838.[4] Kommunen vart slegen saman med Kristiansand i 1964.
Fotnotar
endre- ↑ Ifølgje Riksantikvaren, medan Opplysningsvesenets fond opererer med byggeår 1819–20.
- ↑ Riksantikvaren
- ↑ Sjå t.d. Universitetsmuseene Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine..
- ↑ Tveit historielag
Kjelder
endre- Tveit prestebolig Arkivert 2018-09-04 ved Wayback Machine. hos Opplysningsvesenets fond
- Denne artikkelen bygger på «Tveit prestegård» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Haslum, Vidar; Pedersen, Magnhild Egerhei, red. (2010). Stedsnavn i Tveit. En lokalhistorisk innsamling. Tveit prestegård. Gnr. 110. Tveit, Kristiansand, Vest-Agder. Vidar Haslum/Tveit historielag.
- Tveit prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Miljødirektoratets naturbase Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine. om kartlegging av prestegardsgrunnen