Opna hovudmenyen
Twist-dansing i Berlin, 17. mai 1964.

Twist er ein dans som var inspirert av rock and roll. Frå 1959 til tidleg i 1960-åra vart den første verdsomfattande dansemanien, og vart enormt populær blant alle slags folk, samstundes som kritikarane meinte han var for utfordrande. Han inspirerte til dansar som jerk, pony, watusi, mashed potato, monkey og funky chicken, men ingen var like populære som twist.

Etter å ha sett tenåringar i Tampa i Florida dansa dansen, kreiv Hank Ballard songen «The Twist» og gav han ut på B-sida av Hank Ballard and The Midnighters-singelen «Teardrops on Your Letter» i 1959.[1] Dick Clark merka seg at dansen var blitt populær blant tenåringane, og føreslo for Cameo Records at den meir gagnlege Chubby Checker burde spele inn songen. Denne kom ut i 1959 og gjekk til topps på salslistene i 1960.[1] Tenåringane gjekk lei dansen då meir vaksne folk byrja å danse twist. Singelen kom då ut på ny og gjekk igjen til topps på listene i 1962.[1]

Ein verdsrekord vart sett i DeLand i Florida den 11. oktober 2012, då Chubby Checker song songen live og publikum dansa. Kring 4000 menneske dansa då twist i lag med Checker og rekorden hamna i Guinness rekordbok.[2]

Innhaldsliste

Twist-hittar på Billboard-listaEndra

Twist-songar som gjekk inn på Billboard-lista i USA:

Twist-filmarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number One Hits, p.74. Billboard. ISBN 9780823076772.
  2. Bauer, Peter. «DeLand crowd sets 'twist' record with Chubby Checker». Daytona Beach News Journal. Henta 13 October 2012. 
  3. PRODUCERS RUSH NOVIES ON TWIST. (1962, Jan 06). New York Times (1923-Current File) Retrieved from https://search-proquest-com.ezproxy.sl.nsw.gov.au/docview/115817444?accountid=13902

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Twist-dans