Dnister

elv i Aust-Europa
(Omdirigert frå Tyras)

Dnister (ukrainsk Дністер, Dnister; rumensk Nistru; russisk Днестр, Dnestr) er ei elv i Ukraina og Moldova med ei lengd på 1 362 km.

Dnister
elv
Dnister ved Tiraspol
Land  Ukraina,  Moldova
Nedslagsfelt 68 627 km²
Lengd 1 362 km
Middelvassføring 310 /s
Kjelde Dei ukrainske Karpatane
 - høgd 1 000 moh.
Munning Svartehavet
Kart
Dnister
46°21′00″N 30°14′00″E / 46.35°N 30.233333333333°E / 46.35; 30.233333333333
Wikimedia Commons: Dniester

Namn endre

Namnet kjem frå det sarmatianske (iranske) *Dānu nazdya ‘den nærliggjande elva’.[1] Til samanlikning tyder Dnepr «den fjerntliggjande elva». Det eldre namnet Tyras er frå det skytianske *tûra, som tyder ‘rask’.

russisk heiter elva Днестр (Dnestr), på rumensk Nistru, på jiddisk Nester, נעסטער, på tyrkisk Turla, og under antikken vart ho kalla Tyraslatin og Danastrisgresk. Forfattarar i antikken har òg kalla ho Danaster.

Geografi endre

Ho har utspringet sitt i Ukraina, nær Drohobytsj og ikkje langt frå grensa til Polen. Frå her renn ho i retning mot Svartehavet. Eit kort stykke dannar ho grensa mellom Ukraina og Moldova, før ho renn vidare gjennom Moldova i 398 km der store delar av lengda hennar dannar grensa mot området Transnistria. Seinare dannar ho igjen grensa mellom Moldova og Ukraina før ho renn inn i Ukraina igjen og ut i Svartehavet, der estuaret hennar dannar Dnestr Liman.

I dei nedre delane av elva er vestsida av ho høg og åslendt, medan austsida er låg og flat. Elva dannar den eigentlege austlege grensa til Den asiatiske steppa. Dei viktigaste sideelvane hennar er Răut og Bîc.

Før den andre verdskrigen danna Dnestr grensa mellom Romania og Sovjetunionen. I løpet av krigen vart det utkjempa slag på venstre sida av elva med Tyskland og Romania mot Sovjetunionen.

Sideelvar endre

 
Dnestr nær Piliptsje

Av sideelvar på høgre sida finn ein Răut, Ikel, Bîc og Botna, medan sideelvar på venstre er Zolota Lypa (140 km), Koropets, Dzjuryn, Seret (250 km), Zbrutsj (245 km), Smotrytsj (169 km), Usjytsia (112 km), Kalius, Liadova, Murafa (162 km), Rusava, Jahorlyk (173 km) og Kutsjurhan (123 km).[2]

Byar endre

Den største byen ved Dnister er Tiraspol i Transnistria i Moldova.

Kjelder endre

  1. Mallory, J.P. and Victor H. Mair. The Tarim Mummies: Ancient China and the Mystery of the Earliest Peoples from the West. London: Thames & Hudson, 2000. s. 106
  2. Encyclopedia of Ukraine - Dnestr

Bakgrunnsstoff endre