Bryggen i Bergen

(Omdirigert frå Tyskebryggen)

60°23′51.004″N 5°19′23.977″E / 60.39750111°N 5.32332694°E / 60.39750111; 5.32332694

Bryggen i Bergen

Bryggen i Bergen
Foto: Nina Aldin Thune
LandNoreg
Innskriven ved UNESCOs 3. sesjon i 1979.
Referansenr. 59.
Kriterium:KULTUR (IV)
Sjå ògVerdsarvstader i Norden
BakgrunnsstoffBryggen i Bergen ved unesco.org
Fotografiet av Bryggen frå 1866 syner det nære sambandet som det heilt fram til notida har vore mellom kaia og husa på Bryggen
Foto: Knud Knudsen
Typiske trehus på Bryggen i Bergen.
Her ser ein korleis husa er ordna langs tronge gater innover frå kaia. Klippfisk og andre varer vart frakta inn og ut langs desse gatene fram til det rette huset, og ofte heist på plass i andre eller tredje høgda.
Husa som vart bygde etter at søre luten av Bryggen vart riven i 1901.
Finnegården, som då han vart bygd, var den garden på Bryggen som låg lengst mot sør, er den raude trebygningen med personane framfor. Saman med grannegarden «Finnegårds-Bazaren», som er å sjå til høgre for Finnegården, er dette Det Hanseatisk Museum.

Bryggen i Bergen, eller Tyskebryggen, omfattar dei gamle hanseatiske trehusa på austsida av Vågen i det sentrale Bergen. Dei er organiserte slik at dei ligg i rekkjer langsmed smale gater eller smau som går innover frå kaia, slik at den fronten av husgavlar som ein vanlegvis ser på fotografi av Bryggen, berre er den fremste av husa i kvar av desse husradene. Etter storbrannen 4. juli 1955 er det til saman 61 freda bygg att på Bryggen, som er teken med på UNESCO si liste over kulturarven i verda.

Bryggen var frå 1350 til 1754 sete for Det tyske kontor i byen og det sentrale knutepunktet for den hanseatiske handelsverksemda i Noreg, og vart kalla Tyskerbryggen heilt fram til midt på nittenhundretalet. Mariakyrkja i Bergen, som ligg rett i nærleiken av Bryggen, var i lang tid kyrkja til hanseatane, og hadde gudstenester på tysk.

Nord på Bryggen ligg Bryggens Museum, eit kulturhistorisk mellomaldermuseum som mellom anna har ei stor samling av gjenstandar og bygningsrestar etter dei arkeologiske utgravingane som har gått føre seg på Bryggen, og sør for Bryggen ligg Det Hanseatisk Museum med utstillingar som syner korleis livet og verksemda åt hanseatane på Bryggen arta seg. Tidlegare gjekk Bryggen heilt hit, der den såkalla Finnegården, som utgjer hovudparten av Det Hanseatiske Museum, er ein av dei gardane på Bryggen som er teken best vare på i si opphavlege utforming.

Soga endre

Dei arkeoligiske granskingane etter brannen nord på Bryggen i 1955 har synt at det har vore bryggjer og landgangsvòrar med lagerhus her heilt sidan tidleg i mellomalderen, og at den Bryggen som hanseatane bygde seg, soleis har gamle anar og i og for seg fylgjer eit planmønster som òg kjenneteikna dei eldste bryggjene. Etter kvar av brannane og anna øydelegging som råka Bryggen, vart grunnen på branntomta og utover i fjøra fylt opp med brannrestar og med skrot frå byen før oppattbygginga tok til, og slik vart nivået høgare og strandlinja flytta utover i Vågen etter kvart. Desse laga med skrot hadde gjenstandar og bygningsrestar i seg som har gjeve arkeologane gode opplysningar om livet og verksemda både på Bryggen og i byen elles, og dei svarte laga etter kvar av brannane har vore viktige under dei arkeologiske utgravingane for å tidfeste gjenstandane etter om dei låg i, over og under brannlag. Tidfestinga kunne gjerast ved å samanhalde brannlaga med historisk kjende brannar.

Fram til 1901 gjekk Bryggen samanhengande heilt fram til den såkalla Kjøttbasaren attmed Dreggsalmenningen i sør, etter å ha vorte bygd opp att etter ein brann i 1702 som la heile Bryggen og mykje av byen i oske. Men i 1901 vart den søndre parten av Bryggen, mellom Nikolaikirkeallmenningen og Kjøttbasaren, riven ned og erstatta av høge byhus av mur i ein slags tillempa Bryggenstil, teikna av arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland. Men det sørlegaste av dei gamle husa hadde fått stå, og er no ein part av Det Hanseatiske Museum. Det har òg opp gjennom tidene vore på tale å rive resten av dei gamle husa på Bryggen og erstatte dei med moderne hus som mange i Bergen meinte var meir verdige ein storby, og ordskiftet om dette har vore intenst til tider. Men fredinga av Bryggen i si tid sette ein ende for denne diskusjonen.

Etter storbrannen nord på Bryggen 4. juli 1955, og dei påfylgjande store og langvarige arkeologiske utgravingane på branntomta, vart det bygd moderne hus her i 1980. Utforminga av dei husa som vart bygde med fasadane mot Vågen vart gjort som ein slags moderniserte kopier av dei som brann. Attom desse vart det bygd eit hotell med teglsteinsfasadar og høge saltak, som til trass for det moderne preget står i god i harmoni med resten av husa på Bryggen. Nordaust på branntomta, rett attmed Mariakirken, vart òg bygningen til Bryggens Museum reist i ein strekt avvikande stil. Stort sett er det semje om at dei nye bygningane fell inn i miljøet på ein arkitektonisk god måte.

Bakgrunnsstoff endre

  • Stiftinga Bryggen
  • Helle, K. m.fl.: Bryggen: hanseatenes kontor i Bergen (Det Hanseatiske museums skrifter, 23)
  • Herteig, A.E.: Bryggen i Bergen
  • Koren-Wiberg, C.: Det tyske Kontor i Bergen: Tegninger med Beskrivelse
  • Bryggen i Bergen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Bryggen i Bergen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Bryggen i Bergen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Bryggen i Bergen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Bryggen i Bergen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Bryggen i Bergen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
 
Panorama over Bryggen i Bergen. Dei seks husa til venstre på fotografiet, og husa bakom dei, er nye. Dei vart bygde etter den store brannen som herja Bryggen 4. juli 1955. Brannen gjorde det mogleg med omfattande arkeologiske utgravingar av grunnen under dei nedbrende husa.