Tysklandsbrigaden

uavhengig norsk brigade i Tyskland

Tysklandsbrigaden var det norske bidraget til den allierte okkupasjonsstyrken i Tyskland etter den andre verdskrigen. Brigaden bestod av ein kontingent frå Hæren som hadde teneste på seks månader ved ulike garnisonar i Tyskland. Mellom januar 1947 og april 1953 sikra kontingenten på over 4000 mann fred og orden i det krigsherja Tyskland.

Hæren stilte med ein væpna infanteribrigade i Tyskland. Her frå ein lagførarkurs ved Tysklandsbrigade 472.

Bakgrunn endre

 
Tyskland vart delt inn i okkupasjonssonar.

Etter Tyskland kapitulerte i 1945, overtok dei allierte statsadministrasjonen. Sovjetunionen, Storbritannia, Frankrike og USA delte opp landet i fire administrative okkupasjonssonar. Okkupasjonsstyrkar vart utplassert i dei ulike sonane for å halda orden i eit krigsprega og uoversikteleg Tyskland. Allereie under krigen hadde London-regjeringa diskutert med Storbritannia om eit norsk militært bidrag etter den tyske kapitulasjonen. Britane ønskte at Noreg stilte med ein divisjon på 12 000 mann.[1] Grunna usemje i Stortinget og rot i Forsvarets administrasjon, deltok ikkje Noreg med krigsførebyggande okkupasjonsstyrke i 1945. Sjølve storleiken til den militære styrken vart diskutert. Forsvarsdepartementet ønskte at 8000 vernepliktige soldatar per år skulle tenestegjera i Tyskland, fordelt på to halvårskontingentar med 4000 mann.[2]


På bakgrunn av forhandlingsresultatet frå London i juni 1946 utarbeida Forsvarsdepartementet Stortingsmelding nr. 31 for 19451946 om den norske deltakinga i okkupasjonen av Tyskland, og la denne fram for Stortinget 6. september 1946. Brigaden var stasjonert ulike plassar i Tyskland, som samarbeidspartnarar til attreisinga av landet.[3] Sjef for Hæren på denne tida, generalløytnant Olaf Helset, stod for den overordna organiseringa og leiinga av opprettinga av ein norsk brigade i Tyskland. Ein var usikker på talet på soldatar i brigaden; det var forslag frå 4000 til 5000 mann. Forsvarsdepartementet hadde som nemnt antyda 4000 mann under dialog med Storbritannia, medan generalløytnant Helset var tydeleg på at det ikkje dekte alle stillingane som ein fungerande brigade skal ha.[3] Etter grunnleggjande soldatutdanning sende Hæren soldatar til Tyskland. Den første brigaden, Tysklandsbrigade 471, vart utplassert i januar 1947.[4][5] Då første kontingent stod klar, Brigade 471, bestod brigaden av 4200 mann fordelt på militære underavdelingar.[6][7] Brigaden bestod blant anna av tre infanteribataljonar, eitt feltartilleriregiment, éin sambandstropp, eitt militærpolitikompani og eitt sanitetskompani, i tillegg til forsyningsavdelingar.[7] Det var tre geværkompani i kvar infanteribataljon.[3] Seinare vart Tysklandskommandoen oppretta, underlagt Hærens overkommando, oppretta som eige organ. Dette var for å sikra kontinuiteten og dessutan ta seg av dei oppgåvene som ikkje høyrer inn under ein feltbrigade.[7]

 
Oversyn over organisasjonen til Tysklandsbrigade 471.

Oppgåva var ikkje å utøva reell strid; krigen var allereie over. Dåverande forsvarsminister Jens Christian Hauge uttalte at Tysklandsbrigaden er der «for å fullbyrde freden».[7] Dei norske soldatane skulle, i tillegg til å driva ordinær, militær utdanning, bidra til å sikra ro og orden lokalt, samt å hjelpa det allierte kontrollapparatet med å passa på at våpenstilstandsbetingelsene vart haldne ved like. Dei skulle sikra at det ikke skjedde noko eller vart førebudd noko som truga freden. Likevel meinte leiinga at den norske brigaden ikkje var i stand til å gå til reell strid, om situasjonen tilsa det. Sovjetunionen, som hadde ansvarsområde i Aust-Tyskland, kutta all kommunikasjon, flylinjer og jarnbane, med vestlege allierte i 1948. Dei allierte flytta den norske brigaden mot vest, etter forhandlingar i London, sidan brigaden ikkje var førebudd på total krig.[8] Forfattar og veteran Aslak Nore spør retorisk: «skulle norske vernepliktige stå i første frontlinje dersom Den røde armé – verdens største konvensjonelle hær – angrep?»[8] Under den kalde krigen fekk Tysklandsbrigaden, saman med britiske og danske soldatar, i oppdrag å møta eit eventuelt sovjetrussisk åtak i Schleswig-Holstein i Tyskland.[7] Soldatane som utgjorde brigaden vart plassert i seks ulike garnisonar: Northeim, Seesen, Bad Gandersheim, Einbeck, Holzminden og Göttingen. Brigaden forlét Tyskland i april 1953.[4]

Sjef for Tysklandskommandoen endre

Referansar endre

  1. Breidlid; Oppegaard; Torblå 1990, s. 140.
  2. Breidlid; Oppegaard; Torblå 1990, s. 141.
  3. 3,0 3,1 3,2 Breidlid, Olav m.fl., «Brigade 471», Tysklandsbrigaden, henta 22. desember 2014 
  4. 4,0 4,1 ««Tysklandsbrigaden»». Store Norske Leksikon. 22. august 2014. Henta 26. desember 2014. 
  5. Tysklandsbrigaden. (22. august 2014). I Store norske leksikon. Henta 10. mai 2016 frå https://snl.no/Tysklandsbrigaden
  6. Rasmussen, Svein, «Tysklandsbrigaden 1947 - 1953. Haugalendinger i internasjonale operasjoner», Haugalandsmuseene, s. s. 1  |access-date= requires |url= (hjelp)
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Gisetstad, Johan (2007), «Hva var Tysklandsbrigaden.», Tysklandsveteranen, arkivert frå originalen 29. desember 2014, henta 19. desember 2014 
  8. 8,0 8,1 Nore, Aslak, «De første nordmenn i utenlandstjeneste» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 6 2007), s. side 14, henta 15. januar 2015 [daud lenkje]