Tyssevassbu
Tyssevassbu er ei sjølvbetent turisthytte på Hardangervidda i Ullensvang herad. Tyssevassbu ligg mellom Øvre Tyssevatn og Holmevatn på 1319 moh.
Hytta vart oppretta av A/S Tyssefaldene og andre bedrifter som var involverte i utbygginga av elva Tysso. I 1975 donerte bedriftene hytta til Den Norske Turistforening, som framleis eig henne.
Tyssevassbu har innlagt straum. Eit rom i hovudhytta er framleis avlåst til bruk for tilsette i A/S Tyssefaldene.
Den lettaste måten å koma seg til Tyssevassbu på er ved å køyra til Tyssedal, vidare inn til Skjeggedal, og gå derifrå. Turen (18,2 km, 1400 hM opp) tek ca. 8 timar og er - stadvis ganske dårleg - merkt. Det er også mogleg å gå til Tyssevassbu frå Espe langs den gamle Hardingslepa, ei grein av Nordmannsslepa, men det er ein tur på 9 timar.
Forutan Espe og Skjeggedal kan ein gå til Torehytta og Litlos frå Tyssevassbu.