Tårnugle

fugleart
(Omdirigert frå Tyto alba)
Tårnugle
Tårnugle Foto: Steven Ward
Tårnugle
Foto: Steven Ward
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av tårnugle
Utbreiinga av tårnugle
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Tårnuglefamilien Tytonidae
Slekt: Tyto
Art: Tårnugle T. alba
Vitskapleg namn
Tyto alba

Tårnugle (Tyto alba) er ei mellomstor ugle i tårnuglefamilien. Dette er den mest utbreidde arten i ordenen ugler og ein av dei mest utbreidde av alle fuglar. Tårnugla gjev trivialnamn til familien Tytonidae, med ca. 18 artar totalt. Familien er ein av dei to hovudlinjene av nolevande ugler, den andre er dei typiske uglene (Strigidae) med over 200 artar. Tårnugler er funne nesten overalt i verda unntatt i polare regionar og i ørkenregionar, i Asia nord for Himalaya, det meste av Indonesia og New Zealand.

Skildring endre

Det er ein betydeleg variasjon i fjørdrakt og i storleik innanfor dei omtrent 30 underartane av tårnugle, men dei fleste er mellom 33 og 39 centimeter lange og med vengespenn som varierer frå 80 til 95 cm. Andletet er karakteristisk, lyst eller kvitt og hjarteforma, baksida av hovudet og ryggen er spraglete i nyansar av grått eller brunt, undersida varierer frå kvitt til brunt og er nokre gonger flekte med mørke markeringar.

Lætet til denne arten liknar ikkje andre ugler, varsellætet er skildra som eit skremmande, grelt, hest skrik. Sjølve songen er skildra som klaprande, gurglande hysjing.[1]

Tårnugler er nattlege over det meste av utbreiingsområdet, men i Storbritannia og på nokre av stillehavsøyene, jaktar dei òg om dagen. Dei spesialiserer seg på byttedyr på bakken, og nesten all føde består av små pattedyr som dei lokaliserer etter lydar; høyrsla deira er svært utvikla. Dei er monogame og para held saman for livet til ein døyr. Hekking føregår på ulike tider av året i samsvar med lokalitet, med eit kull på gjennomsnittleg omtrent fire egg. Reiret ligg i eit holt tre, gammal bygning eller i ei fjellsprekk. Hoa gjer all ruging, og hannen bringar føde til både hoa og ungane. Når ei stort mengd små byttedyr er lett tilgjengeleg, kan uglepopulasjonar vekse snøgt, og globalt sett er arten livskraftig.[2] Men nokre underartar med avgrensa område er meir truga.

Tårnugler er utbreidde i alle verdsdelar, men har fråvære frå høge breiddegrader på den nordlege halvkula, det inkluderer Nord-Amerika nord for USA, Fennoskandia med Noreg og Asia nord for Himalaya. Tårnugla har heller ikkje utbreiing i det meste av Indonesia, og på New Zealand, jamvel om ho lever på mange mindre stillehavsøyar.[2] Arten er standfugl, men kan gjere streif. Ho er ein svært sjeldan gjest i Noreg.[3]

Fylogenetiske prov viser at det er minst tre store utviklingslinjer av tårnugle, ei i Europa, Vest-Asia og Afrika, ei i Søraust-Asia og Australasia, og ei i Amerika, og nokon svært divergerande takson på øyane. Følgjeleg deler nokre taksonomiske autoritetar gruppa inn i den vestlege tårnugla for gruppa i Europa, Vest-Asia og Afrika, den amerikanske tårnugla for gruppa i Amerika, og den austlege tårnugla for gruppa i Søraust-Asia og Australasia. Enkelte deler gruppa vidare opp, og anerkjenner opptil fem artar.

Kjelder endre

Referansar
  1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2018) Species factsheet: Tyto alba. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. juni 2018
  3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 13. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tårnugle