Tytebær

(Omdirigert frå Tyttebær)
Tytebær
Tytebær
Tytebær
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Vaccinioideae
Slekt: Bærlyngslekta Vaccinium
Art: Tytebær V. vitis-idaea
Vitskapleg namn
Vaccinium vitis-idaea

Tytebær, tyting eller tyttebær (Vaccinium vitis-idaea)[1] er ein om lag 10 cm høg eviggrøn busk med krypande rotsystem, oppreiste skot og spreidde lêraktige blad med innrulla kant. Blomstrane er lysraude eller kvite og klokkeforma, og sit i endestilte klasar.

Tytebærlynget er ein nøysom plante, men for å setje frukt, treng han ikkje så lite lys. Dei beste tytebærstadene er difor nyhogde hogstflater på mark med låg bonitet, typisk på tørre furumoar. Tytebær et utbreidd over heile Norden og går i Jotunheimen opp til 1800 moh. Arten er kaldt-temperert og arktisk cirkumpolær.

Underartar endre

 
Vaccinium vitis-idaea var. minus

Det er to underartar av V. vitis-idaea, ein i Eurasia og ein i Nord-Amerika. Dei skil seg i storleiken på blada:

  • V. vitis-idaea var. vitis-idaea L. — syn. V. vitis-idaea subsp. vitis-idaea. Eurasia. Blad 10-30 mm lange. Denne går under namnet Cowberry.[2]
  • V. vitis-idaea var. minus Lodd. — syn. V. vitis-idaea subsp. minus (Lodd.) Hultén. Nord-Amerika. Blad 5-18 mm lange. Denne går under namnet Lingonberry.[3]

Eigenskapar og bruk endre

Tytebæret oppå tuva
voks utav ei liti von.
Skogen med si grøne huva
fostrar mang ein raudleitt son.

Frå «Tytebæret» av Aa.O. Vinje
 

Tytebæret er raudt, og vert moge utpå hausten. Det inneheld rikeleg med organiske syrer, herunder konserverande benzosyre. Tytebærsyltetøy og tytebærsaft er derfor holdbar.

I eldre tid vart tytebærsaft bruka for oppbevaring av kjøt. Tytebær og tytebærsaft har vore bruka medisinsk, blant anna mot feber. Ein har òg koka te på tytebærblada.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «tytebær» i Nynorskordboka., «tyting» i Nynorskordboka.
  2. «Cowberry», Scottish Wildflowers - Information, Photos & Latin Names (på engelsk), henta 10. oktober 2021 
  3. «Vaccinium vitis-idaea in Flora of North America @ efloras.org», www.efloras.org, henta 10. oktober 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tytebær