Tyttebærkrigen er ei populær nemning for eit felttog der Noreg freista å invadera Bohuslän i 1788.

Kart over slagmarka ved Kvistrum i Bohuslän i 1788.

Det har vorte hevda at Tyttebærkrigen var ein avleiingsmanøver for å støtta Russland i krigen mot Sverige, av di Danmark var alliert Russland, som Gustav III i sin tur hadde angripe.

Felttoget var mislukka. Svenskane var lite huga på å lata seg invadera og enda mindre huga på å hjelpa nordmennene. Det heile enda med at dei norske soldatane måtte ty til det skogen hadde å by på som føde. Heldigvis for nordmennene gjekk felttoget føre seg i bærsesongen og dei naudstilte invaderande nordmennene måtte ty til skogsbær, før dei slukøyra fór heimatt. Denne forma for matauke skal ha vore opphavet til namnet «Tyttebærkrigen».

Den norske styrken var på 10 000 mann og berre 8 fall i trefningar. Derimot døydde mellom 1500 og 3000 mann av sjukdom på grunn av kontinuerleg haustregn, dårlege klede og utstyr og elendige sanitære tilhøve.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur