Fjordkraftligaen

(Omdirigert frå UPC-ligaen)

Fjordkraftligaen (tidlegare GET-ligaen og UPC-ligaen) er namnet på Eliteserien i ishockey for menn i Noreg og er administrert av Norges Ishockeyforbund. Vinnaren av seriespelet blir seriemeister, medan vinnaren av sluttspelet blir noregsmeister og blir samtidig tildelt Kongepokalen.

Seriespel endre

Serien består av ti lag der dei åtte beste kvalifiserer seg til sluttspelet. Dei to dårlegaste laga må spela kvalifisering mot dei to beste frå 1. divisjon om retten til å spela i neste sesongs GET-liga. Talet på kampar kvart lag har spelt har variert med åra. For tida spelar laga fem kampar mot kvarandre, i alt 45 seriekampar.

Sluttspel endre

I sluttspelet speler ein om tittelen Noregsmeister. Sluttspelet blir avvikla over fire kvartfinaleseriar, to semifinaleseriar og éin finaleserie. Alle seriane blir spelt over best av sju kampar, dvs. fyrste lag til å vinna fire kampar. Kvar kamp skal ha ein vinnar, og dersom det står uavgjort etter ordinær tid (60 minutt), så speler ein forlenging heilt til eitt av laga skårar.

Seriespelet er grunnlaget for kvart einskilde lags seeding i sluttspelet. Seriemeisteren blir seeda som nummer éin og får heimebanefordel i heile sluttspelet. Laget får også fyrst velja motstandar i kvartfinaleserien, og kan fritt velja mellom laga som enda opp frå femte- til åttandeplass. Deretter vel lag nummer to mellom dei laga som er att av laga fem til åtte, og slik held det fram til alle valmoglegheitene er oppbrukte. Det laget som er høgst seeda i ein sluttspelserie har heimebanefordel, dvs. at laget har heimekamp ved ein eventuell sjuande og avgjerande kamp.

Utmerkingar endre

Kvar sesong vert det halde ei rekkje kåringar i ligaen, desse er:

  • Årets lag (målvakt, back, back, høgre ving, center og venstre ving)
  • Årets spelar
  • Årets trenar
  • Årets hovuddomar
  • Årets linjedomar
  • Årets arena/arrangement
  • Årets sekretariat
  • Årets frivillige

For sluttspelet kårar ein også den mest verdifulle spelaren i ligaen.

Kjelder endre