Ugra (russisk Угра) er ei elv i Smolensk og Kaluga oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå venstre. Elva er 339 km lang og har eit nedslagsfelt på 15 700 km².

Ugra
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 15 700 km²
Lengd 339 km
Middelvassføring 90 /s
Munning Oka
Kart
Ugra
54°24′33″N 33°27′53″E / 54.4093°N 33.4647°E / 54.4093; 33.4647
Wikimedia Commons: Ugra River

Geografi endre

Ugra har sitt utspring i Smolenskhøgdene i den søraustlege delen av Smolensk oblast og renn frå her hovudsakleg austover og inn i Kaluga oblast. Ho munnar ut i Oka rundt 10 km vest for Kaluga. Jukhnov er den einaste byen ved Ugra.

Middelvassføringa 35 km før munningen i Oka er på 90 m³/s. Vassføringa i Ugra varierer derimot sterkt gjennom året. Under vårløysinga mellom mars og mai er vassføringa særs høg på grunn av snøsmelting. Om sommaren og hausten er vassføringa låg med flaumperiodar i samband med mykje regn. Om vinteren er vassføringa konstant særs låg. Under vårflaumen kan vassnivået i Ugra stige opp mot 11 meter høgare enn om vinteren. Elva frys til frå desember til mars.

Dei største sideelvane hennar er Vorja, Ressa, Tetsja, Sjanja, Izver og Zjizjala.

Historie endre

Ugra har frå tidleg i mellomalderen vore grenseelv mellom forskjellige rike. Historie om militære konfrontasjonar ved elva går tilbake til 1147 og varer ved heilt fram til den andre verdskrigen. Den mest kjende er Den store konfrontasjonen ved Ugra i 1480. Elva var på denne tida grense mellom Storfyrstedømet Moskva og Storhertugdømet Litauen. Her samla hærane til Den gylne horden under Akhmat Khan og til Storfyrstedømet Moskva under Ivan III seg. Etter ei kort trefning stasjonerte hærane seg på kvar si side av elva. Sidan mongolane sine allierte, den litauiske storfyrsten Kasimir IV, ikkje dukka opp og russarane i mellomtida kunne forsterke styrkane sine, trekte styrkane til Den gylne horden seg tilbake mot sør utan kamp. Denne konfrontasjonen vert vanlegvis sett på som slutten på det mongolske herredømet over Russland og byrjinga på stordomstida til Det russiske riket og undergangen til Den gylne horden sitt rike.

Kjelder endre