Ullstein Verlag

Ullstein Verlag er eit tysk forlag skipa i Berlin i 1877 av Leopold Ullstein. Det var opphavleg eit reint avisforlag, men gav ut bøker frå 1903. I dag blir nammet Ullstein nytta av to verksemder: Axel Springer, med avisforlaget B.Z. Ullstein GmbH, og det svenske mediehuset Bonnier med Ullstein Buchverlage GmbH

Ullstein Verlag gav ut blad som B.Z., Berliner Morgenpost og Berliner Illustrirte Zeitung. På 1950-talet blei avisdelen av verksemda teken over av Axel Springer Verlag.

I 2003 blei bokdelen av Ullstein seld til Random House. Delane Heyne, Südwest og Diana blei del av Random House, medan den gjenverande delen av Ullstein-gruppa (Ullstein, Claassen, Econ, List, Marion von Schröder og Propyläen) blei seld vidare til Bonnier.

KjelderEndra

  Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.