Ulvestad kai
Ulvestad kai er eit tidlegare ferjeleie på austsida av indre Vetlefjorden i Sogndal kommune.
Ulvestad kai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Kai utan ferjelem | ||
Opna | 1939 | ||
Som del av | Grinde-Balestrand-Vetlefjorden | ||
Tilknytt | Fv5606 | ||
Stad | Vetlefjorden | ||
Kommune | Sogndal kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
Nedlagd | 1956 | ||
Erstatta av | Dragsvik ferjekai | ||
Ulvestad kai 61°17′53″N 6°33′50″E / 61.298010734076°N 6.5638657227508°E |
Frå 1939 var Ulvestad kai eit stopp utan ferjelem for ferjesambandet Grinde-Balestrand-Vetlefjorden og startpunkt på den nye vegen over Gaularfjellet. I 1951 opna samanhengande veg til Balestrand, og i 1956 opna nytt ferjeanlegg i Dragsvik, og med dette vart Ulvestad nedlagd som ferjeleie. Kaia står intakt i dag.
Kjelder
endre- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 106-107. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 74, 81. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.