Umbundu (også: sørmbundu, benguela-mbundu) er eit bantuspråk som blir snakka i dei sentrale områda av Angola, spesielt i provinsane Huambo, Bié og Benguela. Umbundu blir snakka av ca. 35 % av folkesetnaden i Angola. Umbundu er eitt av seks nasjonalspråk i Angola.

Umbundu
Klassifisering Nigerkongo
 Atlantisk
  Voltakongo
   Benuekongo
    Bantoid
     Sørbantoid
      Bantuspråk
        Sone R
Bruk
Tala i  Angola
Umbundutalande i alt 5 000 000[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3 umb

Umbundu er språket til ovimbunduane, ei etnisk gruppe som vart danna i løpet av bantuekspansjonen sørover. Før portugisarane kom danna ovimbunduane fleire kongeriker, som dreiv med handel og dermed kravde kjennskap til umbundu. Umbundu fungerte dermed som handelsspråk også mellom andre grupper. Etter koloniseringa på 1800-talet vart umbundu skriftfesta og skildra grammatisk, både av protestantiske og katolske misjonærar. Skilnaden mellom dei to versjonane var liten. Umbundu er i nær slekt med kimbundu, som også blir snakka i Angola.

Litteratur

endre
  • Thomas Edward Bowdich: An Account of the Discoveries of the Portuguese in the Interior of Angola and Mozambique. John Booth, 1824
  • Gladwyn M. Childs 'Umbundu Kinship and Character: Being a Description of Social Structure and Individual Development of the Ovimbundu', London: Oxford University Press, 1949. ISBN 0-8357-3227-4.
  • Thilo C. Schadeberg (1982) 'Nasalization in Umbundu', Journal of African Languages and Linguistics, 4, 2, 109-132.

Bakgrunnsstoff

endre

Referansar

endre
  1. Umbundu hos Ethnologue