Union i matematikk
(Omdirigert frå Union (matematikk))
Unionen av to mengder A og B er mengda av element som er i anten A eller B eller både i A og B (det vil seia at me har eit inklusivt eller). Som for mengder elles vert elementa i unionen av ei mengd berre telt éin gong; anten er det eit element av unionen, elles så er det det ikkje.