Universitetet i Leipzig
Universität Leipzig er eit av dei eldste universiteta i Europa, grunnlagt i 1415 av pave Aleksander V. Det hadde opphavleg fire fakultet, og har i dag 14 fakultet med til saman 31 021 studentar (2004). Det medisinske fakultetet, som er over 600 år gammalt, er eit av dei mest velrenommerte. Det er det nest største universitetet i Sachsen.
Universitetet i Leipzig | |
![]() | |
![]() | |
Grunnlagt | 1409 |
---|---|
Stad | Leipzig |
Studentar | 31 088 |
Tilsette | 5 300 |
Historisk vart personar tilknytte universitetet inndelt i ulike «nasjonar» kor dei kom ifrå: Den meissiske, den saksiske, den bayerske og den polske. Den store norske matematikaren Sophus Lie var professor ved universitetet i Leipzig.
Under DDR-perioden 1949-89 heitte universitetet Karl-Marx-Universität.

Det såkalla City-Hochhaus vart bygd 1968-72, og var hovudkvartera til universitet fram til tusenårsskiftet. No husar bygget Mitteldeutscher Rundfunk og leilegheiter.
FakultetEndra
- Theologische Fakultät
- Juristenfakultät
- Fakultät für Geschichte, Kunst- und Orientwissenschaften
- Philologische Fakultät
- Erziehungswissenschaftliche Fakultät
- Fakultät für Sozialwissenschaften und Philosophie
- Wirtschaftswissenschaftliche Fakultät
- Sportwissenschaftliche Fakultät
- Medizinische Fakultät
- Fakultät für Mathematik und Informatik
- Fakultät für Biowissenschaften, Pharmazie und Psychologie
- Fakultät für Physik und Geowissenschaften
- Fakultät für Chemie und Mineralogie
- Veterinärmedizinische Fakultät
Kjende lærararEndra
- Carl Philipp Emanuel Bach, Komponist
- Ernst Bloch, Philosoph, 1948-1957
- Gustav Theodor Fechner, fysikar
- Paul Flechsig, psykiatar og hjerneforskar
- Hans Freyer, sosiolog
- Hans-Georg Gadamer, filosof, 1939-1947 professor, 1946/1947 rektor
- Samuel Hahnemann, lege
- Werner Heisenberg, fysikar
- Gustav Hertz, leiar av det fysikalske institutt 1954-1961
- Felix Klein, matematikar
KjeldeEndra
- Denne artikkelen bygger på «Universitetet i Leipzig» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2011.