Universitetsbygningane ved Karl Johans gate

59°54′55.314″N 10°44′7.0620″E / 59.91536500°N 10.735295000°E / 59.91536500; 10.735295000

Universitetsplassen i Oslo, med Domus Media, midtbygninga til venstre og Domus Academica til høgre. Universitetsbygningane vart teikna av Christian H. Grosch og teken i bruk i 1851.
Foto: Mahlum
Henrik Ibsen heilt til høgre stiller lommeuret etter klokka i urbygninga på Universitetet. Postkort frå rundt 1900.

Universitetsbygningane ved Karl Johans gate 47 i Oslo sentrum er dei eldste universitetsbygningane i Noreg, og ein del av Universitetet i Oslo. Anlegget inneheld tre hovudbygningar – Domus Media («Midtbygninga»), Domus Academica («Urbygninga») og Domus Bibliotheca – med front mot Universitetsplassen. Bak dei tre bygningane i resten av kvartalet ligg Universitetshagen med Professorboligen og Frokostkjellaren.

Bygningane nyttast no hovudsakelig av Det juridiske fakultet, som òg disponerer andre bygningar i nærleiken. Fram til 1985 delte Det juridiske fakultet og Det medisinske fakultet dei gamle universitetsbygningane, men grunna plassmangel flytta Det medisinske fakultet ut.

Dei første åra endre

Universitetet i Oslo vart grunnlagt av Fredrik VI 2. september 1811 under namnet Det Kongelige Frederiks Universitet.[1] Dei første åra etter held Universitetet til i leigde lokalar rundt i byen, inntil Mariboegarden i Prinsens gate 20, vart kjøpt inn i 1820. Det var ein tre-etasjes bygard på hjørnet av Kongens gate, ført opp i 1810 for kjøpmann Ludvig Mariboe. Universitetet nytta det fram til 1852. Mariboegården blei rive i 1916 for å skaffe tomt til Telegrafbygninga.

Bygningane på Karl Johans gate endre

Dei nåverande universitetsbygningane vart reist etter teikningar av arkitekt og stadskonduktør Christian H. Grosch med bistand frå den tyske arkitekten Karl Friedrich Schinkel. Grunnsteinen blei lagt ned i 1841, og det blei tatt i bruk frå 1851.[1]

Til Universitetets 100-årsjubileum i 1911 blei Aulaen reist som tilbygg på baksida av Domus Media. Arkitektar for Aulaen var Harald Bødtker og Holger Sinding-Larsen.[1]

 
«Athene besjeler mennesket som Prometheus har skapt», figurgruppa i gavlen frå 1894 av Mathias Skeibrok.
Foto: Vidar Iversen
 
Anton Martin Schweigaard av Julius Middelthun.
Foto: Jan-Tore Egge

Bygningane har fasadar av pussa tegl på granittsokkel. Alle har framskutt midtparti med frontispis, og fasadane er inndelt med kolossalpilastre. Dei har slake tak tekka med plater. Domus Media har ein ope forhall forma som ein klassisk tempelfront med fire joniske søyle av granitt, utstyrt med kapiteler støypt i sink. Innanfor er det eit monumentalt trappeanlegg med rekkverk av støypejarn. Figurgruppa i gavltrekanten av Mathias Skeibrok, støpt i bronse, blei satt inn i 1894.

Foran midtbygninga blei ei statue av Anton Martin Schweigaard, laga av Julius Middelthun, stilt opp i 1883. I 1933 vart ho flytta vestover og integrert i trappeanlegget, som pendant til statuen av klassekameraten Peter Andreas Munch, laga av Stinius Fredriksen, som vart stilt opp same år. Aulaen blei smykka ut med veggmåleri av Edvard Munch 1916 etter at det hadde vore ei konkurranse om oppgåva.[1]

Alle universitetsbygningane har interiører i senempire. I andre etasje i Domus Academica ligg Gamle Festsal, eit stort auditorium forma som eit klassisk amfiteater. Det er smykka ut av Peter Frederik Wergmann.[1] Festsalen blei nytta som stortingssal fram til Stortingsbygninga stod ferdig i 1866. Domus Academica vart kalla «Urbygninga» på grunn av det berømte uret som syner rett Kristiania-tid, plassert i vestre vindauge mot Karl Johans gate. Etter at Henrik Ibsen hadde flytta heim til Kristiania stoppa han her for å stille sitt eige lommeur på sin daglege spasertur frå leiligheta i Arbins gate til Grand Café.

Restaurering endre

Fram mot 2004 vart bygningane restaurert og ført attende til opphavlege fargar av Statsbygg. [2] Urbygninga fekk EUs kulturminnevernpris «Europa Nostra-prisen» i i 2007 i klassen for «Bevaring av historiske bygningar». I grunngjevinga til juryen heiter det mellom anna «...den komplekse restaureringen og funksjonelle oppgraderingen av en av Nord-Europas mest praktfulle, ny-klassistiske bygninger. Arbeidet har foregått med respekt for og i tråd med arkitektene Grosch og Schinkels opprinnelige ideer, design og tanker».[3] Same bygning fekk Oslo kommunes pris for god byarkitektur for 2007.

Universitetsbygningane er freda av Riksantikvaren[4].

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre