Universitetsplassen i Oslo

Koordinatar: 59°54′54.248″N 10°44′5.6724″E

Universitetsplassen er plassen framfor dei tre universitetsbygningane som Universitetet i Oslo har i Karl Johans gate 47 i sentrum av Oslo. Alle tre bygningane har front og hovudinngang mot plassen.

Universitetsplassen i dagens utforming
Universitetsplassen før 1923
Universitetsplassen og Domus Media med englefiguren på plass. Gavlen har ikkje utsmykkinga med dei bronserelieffa som er der i dag, laga av Mathias Skeibrok og sett opp i 1894[1], så fotografiet er frå før dette tidspunktet.
Universitetet med Universitets-plassen og Karl Johans gate kring 1900. Engelen og bronserelieffa er på plass på Domus Media, og Henrik Ibsen er på plass framfor uret i vindauget på Domus Academica (Urbygningen) heilt til høgre for å korrigere lommeuret sitt. Uret i vindauget heng der framleis, til glede for dei som har eit ur å stille. Prospektkort frå om lag 1900.
Foto: Olaf Martin Peder Væring

Skildring endre

Plassen er i heile lengda knytt til fortauet langsetter Karl Johans gate, og ligg i eit svakt, jamt fall frå gata inn mot bygningen Domus Media. Langsetter denne bygningen vert plassen avslutta med trappesteg opp mot ein låg platting. Denne plattingen med trappestega held fram framfor kvar av bygningane på tverrsidene av plassen, der plattingen gradvis vert redusert i høgda ettersom plassen stig mot gata, og ender i nivå med fortauet langsetter gata.

Heile plassen er dekt av ei brulegging av norsk gatestein av granitt og gabbro i fargane lys grått, raudt og svart, som er lagt i eit sirkelmønster. Den lyse grå steinen er iddefjordsgranitt, den raude er drammensgranitt og den svarte er solørgabbro. Plattingen er bygd av den raude drammensgranitten.

Denne noverande utforminga av plassen vart gjort i 1931, og då vart òg statuen av A.M. Schweigaard sett opp på plattingen framfor Domus Media på ein ny sokkel til venstre for hovudinngangen. Statuen av P.A. Munch vart sett opp til høgre for hovudinngangen eit par år seinare. Statuen av Schweigaard vart laga av skulptøren Julius Middelthun og reist midt på Universitetsplassen i 1883, medan statuen av Munch vart laga av skulptøren Stinius Fredriksen, og reist på sin noverande plass i 1933[2].

Bruk endre

Dei nye studentane ved Universitet i Oslo samlar seg på plassen i september året dei byrjar, og vert tekne i mot av rektor, som held ei tale for dei frå plattinga framfor søylerekka i Domus Media. Elles vert plassen nytta til ulike arrangement gjennom året. Heilt frå 1919 har det dessutan vore tradisjon for å setje opp eit stort grantre på plassen kvart år som byens joletre, med ljos som vart tende fyrste sundagen i advent[2]. Det er òg lang tradisjon for at Den norske studentersangforening, som er det offisielle mannskoret ved Universitetet i Oslo, held ein friluftskonsert framfor Domus Media, «på Aulatrappa», på nasjonaldagen 17. mai.

Universitetsplassen i tidlegare tider endre

Før plassen fikk si noverande utforming i 1931, hadde han heilt frå 1883 vore horisontal. Statuen av A.M. Scwheigaard stod opphavleg på sokkel midt på plassen. På båe sidene av statuen, og på store delar av plassen elles, var det grasplen og planter, og resten av plassen hadde truleg grusdekke.

På toppen av gavlen på Domus Media stod det i si tid ein stor figur av ein engel, som var mykje kontroversiell, og som seinare vart teken ned.

Freding endre

Universitetsplassen er freda av Riksantikvaren.

Fotnotar endre

  1. Oslo byleksikon femte utgåva, side 600: Universitetet i Oslo
  2. 2,0 2,1 Oslo byleksikon, femte utgåva. side 602: Universitetsplassen

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Universitetsplassen i Oslo