University of Maryland

University of Maryland er eit delstatseigd, Public Ivy-universitet i Baltimore og College Park i delstaten Maryland, USA. Lærestaden inngår saman med ytterlegare fire campusar i University System of Maryland. Universitetet har òg fullverdige campusar i Princess Anne, Catonsville, Adelphi og Baltimore i same delstat.

University of Maryland


Grunnlagt1856
Typedelstateigd
StadCollege Park
Studentar41 271 (2021)
Tilsette10 000 (september 2020)
MedlemskapORCID, Digital Library Federation, arXiv, Center for Research Libraries
Nettstadhttps://umd.edu (engelsk)
McKelvin Library.
Glenn L. Martin Institute of Technology er ein del av A. James Clark School of Engineering, og eit høgkvalitets ingeniørmiljø tilknytt NASA's Goddard Space Flight Center.
Grunnleggaren av Charles Benedict Calvert, seinare kongressmann frå Maryland.
Byrd Stadium.

Baltimore-campus er eldst, og er flaggskip-universitetet innanfor University System of Maryland. Dagens flaggskip-universitet i College Park ligg delvis innanfor Capitol Beltway ved Washington, DC, og mottek forskingsstøtte og løyvingar frå ei rekkje føderale styresmakter. Space Systems Laboratory er eit av landet sine få forskingsmiljø for romfart-fokuserte applikasjonar av kunstig intelligens, human-robotforsking, romsimulering, og mikrogravitasjon i vektlaustanker.

Historie endre

Dagens University of Maryland, Baltimore, vart grunnlagt i 1807 og fokuserte på medisinutdanning. Dagens University of Maryland School of Medicine er den eldste offentlege legeskulen i USA. Det fekk eit medisinsk bibliotek i 1813. Baltimore College of Dental Surgery vart oppretta i 1840, som det første i USA.

Den institusjonen som i dag ber namnet University of Maryland vart oppretta i 1856 av Charles Benedict Calvert i College Park som Maryland Agricultural College. Universitetet inkorporerte etterkvart òg det langt eldre University of Maryland, Baltimore frå 1807 og University of Maryland Law School frå 1816. Lærestaden i Princess Anne (UM Eastern Shore) er eit historisk svart land-grant-universitet.

I 1864 vart Maryland Agricultural College eit land-grant-universitet, og berre månader seinare vart general Ambrose E. Burnside og 6 000 nordstatssoldater på campus, undervegs for å bistå Ulysses S. Grant sine styrkar i Virginia. Sommaren 1864 stod Sørstatane sin general Bradley T. Johnson med styrkane sine på campus, klår til å skjere av sambandet mellom Baltimore og Washington DC.

Finansielle problem under borgarkrigen vart avhjelpt gjennom delstatsløyvingar i 1866. A. James Clark School of Engineering vart grunnlagt i 1894. Hovedbygningen i College Park vart derimot totalskadd av brann 29. november 1912, og ikkje bygd opp att før i 1940. I 1916 tok delstaten full kontroll med lærestaden og overtok eigarskapet under namnet Maryland State College. Same år vart første kvinnelege studenten immatrikulert.

Universitetsstatusen vart innvilga i 1925. Først i 1951 vart den første afro-amerikanske studenten teke opp ved UM, då hadde lærestaden og campusane alt meir enn 10 000 kvite studentar. Universitetsnamnet kom først i 1988, då University System of Maryland òg vart danna.

Lærestader og skular endre

Lærestader med grunnleggingsår, studenttal (2006) er:

  • University of Maryland, College Park (1856) – 35 300 studentar
    • College of Arts and Humanities
      • University of Maryland School of Music
    • College of Education
    • College of Computer, Mathematical, and Physical Sciences
    • Philip Merrill College of Journalism
    • College of Agriculture and Natural Resources
    • College of Chemical and Life Sciences
    • Robert H. Smith School of Business
    • College of Behavioral and Social Sciences
    • A. James Clark School of Engineering
    • University of Maryland College of Information Studies
    • University of Maryland School of Public Policy
    • School of Architecture, Planning, and Preservation
    • School of Public Health
  • University of Maryland, Baltimore (1807) – 5 510 studentar
    • Dental School (1840)
    • Graduate School (1917)
    • University of Maryland School of Law, Baltimore (1816) – 800 studentar
    • School of Medicine (1807)
    • School of Nursing (1889)
    • School of Pharmacy (1841)
    • School of Public Health (2006)
    • School of Social Work (1961)
  • University of Maryland Eastern Shore, Princess Anne (1886) – 3 762 studentar
    • School of Agricultural and Natural Sciences
    • School of Arts and Professions
    • School of Business and Technology
    • School of Graduate Studies
  • University of Maryland University College, Adelphi (1947) – 33 096 studentar
    • Graduate School
    • School of Undergraduate Studies
  • University of Maryland, Baltimore County, Catonsville (1966) – 11 798 studentar
    • College of Arts, Humanities and Social Sciences
    • College of Engineering and Information Technology
    • College of Natural and Mathematical Sciences
    • The Erickson School of Aging Studies
    • Graduate School
    • School of Social Work

Ved universitetet samla sett var det 88 000 studentar, over 60 000 fjern- og kveldsstudentar, og meir enn 5 000 vitskapleg tilsette i 2006, og same året var skulepengene frå US$ 5 520 (Adelphi) til US$ 8 622 (Baltimore) for studentar folkeregistrert i delstaten Maryland. Studiane blir gjeve opp til doktorgradsnivå ved alle fire lærestader.

Tidlegare studentar omfattar Nobelprisvinnarar i fysikk (Raymond Davis Jr) og kjemi (Herbert Hauptman).

Nærare om lærestadane endre

University of Maryland Law School i Baltimore er den tredje eldste staden for jus-utdanning, og held i dag høg kvalitet med høge nasjonale rangeringer. Studentmassen er svært variert og lærestaden er eit av dei fremste jusen-studium for afroamerikanarar i USA.

University of Maryland, College Park ligg i Prince George's County like utanfor Washington, DC. Det er eit forskingsbasert flaggskip-universitet som blir rekna som eit Public Ivy-universitet av høg kvalitet. Det får løyvingar frå ei rekkje føderale institusjonar, inklusive NASA. School of Public Policy ligg inne i Capitol Beltway i Washington, DC og er ein attraktiv utdanningsinstitusjon med nettverk til den føderale politiske miljøet, tenketanker og styresmakter i hovudstaden. UM i College Park underviser ikkje i medisin, jus og odontologi – dette dekkast av UM i Baltimore.

University of Maryland, Baltimore er eit sideordna flaggskip-universitet på linje med College Park. Det kompletterer sistnemnde med faga medisin, jus og odontologi og kan i likskap med UM i College Park utskrive eksamenspapirer under namnet "University of Maryland" . Sjukepleie-studia er blant dei eldste og største i landet. Farmasiskulen frå 1841 er òg blant dei eldste i USA.

University of Maryland Eastern Shore er eit historisk svart universitet og eit land-grant-universitet i USA, grunnlagt 1886 av metodistar. Det har ein bakgrunn som landbrukscollege og state college.

University of Maryland Baltimore County er eit universitet like utanfor Baltimore som fokuserer på naturvitskap og ingeniørutdanning. IT-studia oppnår høge nasjonale rangeringer. Det er ein del av University System of Maryland, men er formelt sett ikkje eit satellitt-universitet under University of Maryland. Ved Erickson School blir gjeve det òg spesialiserte studium i gerontologi og eldreomsorg.

University of Maryland University College er ein kveld- og voksenopplæringsskule med lokal- og fjernundervisning til utradisjonelle studentar i arbeid eller utanfor rekkjevidd av tradisjonelle campusen. Mange av studentane er amerikanske militære soldatar og offiserar i teneste i Tyskland. Det er studiestader i Heidelberg og ved Yokota Air Base i Tokyo. Lærestedet betener 76 000 laveregrads og 14 500 høyeregrads studentar verda over.

Bakgrunnsstoff endre