Unni Holmen (fødd 23. september 1952) er ein norsk tidlegare turnar og hesteryttar frå Oslo. Ho vart nordisk meister i turn tre gongar og vann åtte kongepokalar. Holmen var medlem i Oslo Turnforening.

Unni Holmen
Fødd 23. september 1952 (67 år)
Oslo
Yrke turner

Holmen dominerte norsk kvinneturn på 1970-talet. I perioden 1969–1977 vart ho noregsmeister i turn 8 gongar. Ho vart nordisk meister i mangekamp både i 1971, 1975 og 1977, dessutan vann ho nordiske gullmedalje i lagkamp. Holmen deltok ved Sommar-OL 1968 i Mexico og Sommar-OL 1972 i München. Etter ho slutta å tevle arbeidde ho som turntrenar, norsk landslagstrenar 1984-95. Ho har også verka som turndommar på internasjonale stemne.

Kringom 1980 var Holmen aktiv i sprangriding, med på Noregs landslag.

Unni Holmen er mor til fotballspelaren Kim Holmen.

KjelderEndra