Unsung Heroes av Dixie Dregs

Unsung Heroes
Studioalbum av Dregs
Utgjeve 1981
Sjanger Jazz fusion
Lengd 37:22
Selskap Arista
Produsent Steve Morse
Dregs-kronologi 
Dregs of the Earth
(1980)
Unsung Heroes Industry Standard
(1982)


Unsung Heroes er det sjette studioalbumet til den amerikanske jazzfusion-gruppa Dixie Dregs, gjeve ut i 1981.[1]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]
The Rolling Stone Jazz Record Guide3/5 stars[2]

Det vart nominert til Grammyprisen for beste rockeinstrumental.[3]

Heile albumet er skrive og produsert av Steve Morse, og som alle dei tidlegare albuma deira er det heilt instrumentalt. Som på tidlegare album inkluderer jazzfusion-stilen deira òg element av country, som på «I'll Just Pick». Tittelen på «Day 444», ein lengre, melodisk komposisjon, syner til dagen då ei rekkje amerikanske gislar i Iran vart sleppte fri. «Go for Baroque» er eit heilt akustisk stykke i barokk stil.[1]

Innhald endre

Alle spor er skrivne av Steve Morse.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Cruise Control»3:44
2.«Divided We Stand»5:00
3.«I'll Just Pick»3:27
4.«Day 444»7:02
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Rock and Roll Park»4:35
6.«Attila the Hun»4:01
7.«Kat Food»4:58
8.«Go for Baroque»3:56

Medverkande endre

  • Steve Morse – akustisk og elektrisk gitar
  • Andy West – vanleg bassgitar og bandlaus bass
  • Allen Sloan – elektrisk og akustisk 5-strengs fiolin
  • Rod Morgenstein – trommer og perkusjon
  • T Lavitz – akustisk og elektrisk piano, orgel, synthesizer, clavinet, saksofon

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Valdivia, Victor W. (2011). «Unsung Heroes - The Dregs | AllMusic». allmusic.com. Henta 12. desember 2020. 
  2. Swenson, J., red. (1985). The Rolling Stone Jazz Record Guide. USA: Random House/Rolling Stone. s. 62. ISBN 0-394-72643-X. 
  3. «DIXIE DREGS Unsung Heroes music reviews and MP3». www.progarchives.com. Henta 12. desember 2020.