Until It's Time for You to Go

Until It's Time for You to Go
Song av Buffy Sainte-Marie
frå albumet Many a Mile
Utgjeve 1965

«Until It's Time for You to Go» er ein song frå 1965 frå albumet Many a Mile av den kanadiske First Nations-songar-låtskrivaren Buffy Sainte-Marie. Songen gjekk inn på britiske Topp 20 for den britiske gruppa The Four Pennies i 1965, og for Elvis Presley i 1972,[1] og Neil Diamond fekk ein hit på US Hot 100 med songen i 1970. Det same gjorde New Birth med det framtidige Supremes-medlemmet Susaye Greene i 1973. Andy Williams gav ut ein versjon i 1972 på albumet Love Theme from «The Godfather».

Buffy Sainte-Marie spelte inn ein franskspråkleg versjon av songen, «T'es pas un autre», i 1967 på albumet Fire & Fleet & Candlelight. Den franske omsetjinga vart skriven av Claude Gauthier.

Teksten omhandlar ein vanleg mann og ei kvinne som elskar kvarandre, men ikkje kan vere saman fordi dei kjem frå forskjellige verder.[2] Utanom The Four Pennies, Diamond og Presley, har songen blitt spelt av Paul Anka, Eddy Arnold, Chet Atkins, Emilie-Claire Barlow, Shirley Bassey, The Boston Pops Orchestra, Glen Campbell, Vikki Carr, Anita Carter, Cher, Jim Croce, Bobby Darin, Bette Davis, Roberta Flack, Robert Goulet, Françoise Hardy, Cleo Laine, Pierre Lalonde (på fransk), Claudine Longet, Joe Longthorne, Vera Lynn, Johnny Mathis, Willie Nelson, Michael Nesmith, New Birth, Helen Reddy, Nancy Sinatra, Barbra Streisand, Grover Washington jr., Dottie West og Andy Williams.

Kjelder endre

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Until It's Time for You to Go Arkivert 2008-12-27 ved Wayback Machine., Buffy Sainte-Marie website.