Urgermansk

Urgermansk er urspråket som blir rekna for å vera opphavet åt dei germanske språka, mellom anna islandsk, norsk, svensk, dansk, jiddisch, tysk, skotsk, engelsk, nederlandsk, afrikaans og frisisk.

Kart over det som blir sett på som det urgermanske området

Det urgermanske språket delte seg i tre språkgreiner, dei austgermanske, dei nordgermanske og dei vestgermanske språka. Dei austgermanske språka er utdøydd, det mest kjende av dei er gotisk.

Den nordgermanske greina, urnordisk, delte seg i vestnordisk (gammalnorsk og islandsk) og austnordisk (svensk og dansk). I seinmellomalderen førte lågtysk språkpåverknad i til at norsk utvikla seg parallelt med dansk og svensk. Den vestgermanske greina har ein austleg (tysk, nederlandsk) og ein vestleg (engelsk, frisisk) del.

Den klassiske innføringa i germansk språkvitskap er Krahe og Meid 1969, ei nyare framstillinger Voyles 1992.

Lydendringar i overgangen frå førgermansk til urgermanskEndra

Dette oversynet systematiserer lydendringar presentert i faglitteraturen.

Grimms lov: Ein kjedereaksjon på tre sett av klusilar.
  • Ustemte klusilar blir frikativar viss dei ikkje kjem etter ein annan obstruent.
    • /p/ > /ɸ/ (f) — *ph₂tḗr "father" > *fəþḗr > *fadēr
    • /t/ > /θ/ (þ) — *tód "det" > *þód > *þat
    • /k/ > /x/ (h) — *kátus "kamp" > *háþus > *haþuz; *h₂eǵs- "aksel" > (ustemt) *aks- > *ahs- > *ahsō
    • /kʷ/ > /xʷ/ (hw) — *kʷód "what" > *hʷód > *hwat
    • Sekvensane /sp/, /st/, /sk/ og /skʷ/ er som før.
  • Stemte klusilar blir ustemt:
    • /b/ > /p/*h₂ébōl "eple" > *ápōl > *aplaz
    • /d/ > /t/*h₁dóntm̥ "tann, akk." > *tónþum > *tanþų; *kʷód "kva" > *hʷód > *hwat
    • /g/ > /k/*wérǵom "arbeid" > *wérgom > *wérkom > *werką
    • /gʷ/ > /kʷ/*gʷémeti "trø 3sg." > *kʷémeþi > *kwimidi "kome 3sg."
  • Aspirerte klusilar blir stemte klusilar eller frikativar (sjå nedanfor):
    • /bʰ/ > /b/ ([b,β]) — *bʰéreti "bere 3Sg." > *béreþi > *biridi
    • /dʰ/ > /d/ ([d,ð]) — *dʰóh₁mos "dom" > *dṓmos > *dōmaz "dom"
    • /gʰ/ > /g/ ([g,ɣ]) — *gʰáns "gås" > *gáns > *gans
    • /gʷʰ/ > /gʷ/ ([gʷ,ɣʷ]) — *sóngʷʰos "song" > *sóngʷos > *sangwaz "song"
Verners lov: ustemte frikativar blir stemt viss dei kjem etter ei trykklett staving:
  • /ɸ/ > [β]*upéri "over" > *uféri > *ubéri > *ubiri
  • /θ/ > [ð]*tewtéh₂ "tribe" > *þewþā́ > *þewdā́ > *þeudō
  • /x/ > [ɣ]*h₂yuHn̥ḱós "young" > *yunkós > *yunhós > *yungós > *jungaz (with -z by analogy)
  • /xʷ/ > [ɣʷ]*kʷekʷléh₂ "wheels (collective)" > *hʷehʷlā́ > *hʷegʷlā́ > *hweulō
  • /s/ > [z]*h₁régʷeses "of darkness" > *rékʷeses > *rékʷezez > *rikwiziz; *kʷékʷlos "wheel" > *hʷéhʷlos > *hʷéhʷloz > *hwehwlaz
  • Dette gjeld også ein del ord som som regel var trykklett — *h₁ésmi, trykklett *h₁esmi "eg er" > *esmi > *ezmi > *immi; *h₁sénti, trykksvak *h₁senti "dei er" > *senþi > *sendi > *sindi (dei trykksterke variantane, som ville ha vore *ismi og *sinþi, er tapt)
Trykk blir flytta til første staving. Det kontrastive trykket i urindoeuropeisk forsvinn, og Verners lov blir fonematisert.
Assimilering av sonorantar:
  • /nw/ > /nn/*ténh₂us "tynn" ~ fem. *tn̥h₂éwih₂ > *tn̥h₂ús ~ *tn̥h₂wíh₂ > *þunus ~ *þunwī > *þunus ~ *þunnī > *þunnuz ~ *þunnī
  • /ln/ > /ll/*pl̥h₁nós "full" > *fulnos > *fullos > *fullaz. Denne utviklinga er seinare enn kontakt med samiske språk, jf. lånordet *pulna > ursamisk *polnē "ås".[1]
  • /zm/ > /mm/*h₁esmi "I am, unstr." > *ezmi > *emmi > *immi
Trykksvak /ew/ > /ow/ før konsonant eller ordfinalt — *-ews "u-stamme gen. sg." > *-owz > *-auz
Trykksvak /e/ > /i/, men ikkje før /r/*-éteh₂ "abstrakt substantivsuffiks" > *-eþā > *-iþā > *-iþō
  • Trykksvak /ej/ blir drege saman til /iː/*-éys "i-stem gen. sg." > *-iys > *-īs > *-īz (med -z via analogi)
  • /e/ før /r/ blir seinare /ɑ/ bmen ikkje før etter i-omlyden.
Trykksvak /ji/ > /i/*légʰyeti "Ho ligg" ~ *légʰyonti "dei ligg" > *legyidi ~ *legyondi > *legidi ~ *legyondi > *ligiþi ~ *ligjanþi (med -þ- via analogi)
  • Prosessn resulterer i ein diftong frå ein ein opphavleg sekvens av to stavingar — *-oyend "tematisk optativ 3pl" > *-oyint > *-oint > *-ain; *áyeri "om morgonen" > *ayiri > *airi "tidleg"; *tréyes "tre" > *þreyiz > *þreiz > *þrīz
  • Sekvensen /iji/ blir til /iː/*gʰósteyes "framande, nom. pl." > *gostiyiz > *gostīz > *gastīz "gjestar"
Samanfall av ikkje-høge bakre vokalar:
  • /o/, /a/ > /ɑ/*gʰóstis "framand" > *gostiz > *gastiz "gjest"; *kápros "bukk" > *hafraz
  • /oː/, /aː/ > /ɑː/*dʰóh₁mos "ting" > *dōmoz > *dāmaz > *dōmaz "judgement"; *swéh₂dus "søt" > *swātuz > *swōtuz
  • /oːː/, /aːː/ > /ɑːː/ (â) — *séh₁mō "såkorn" > *sēmô > *sēmâ > *sēmô; *-eh₂es "eh₂-stem nom. pl." > *-âz > *-ôz

KjelderEndra

  1. Aikio, Ante (2006). «On Germanic-Saami contacts and Saami prehistory». Suomalais-Ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 91: 9–55. 

LitteraturEndra

  • Krahe, Hans and Meid, Wolfgang (1969): Germanische Sprachwissenschaft, 3 bind. Berlin: de Gruyter.
  • Lehmann, W. P. (1961): A Definition of Proto-Germanic, Language 37, 67ff.
  • Joseph B. Voyles (1992): Early Germanic Grammar. London: Academic Press. ISBN 0-12-728270-X.
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.