Usedom (polsk Uznam) er ei øy i Austersjøen på grensa mellom Tyskland og Polen. Ho ligg nord for Stettiner Haff, elvemunningen til elva Oder i Pommern. Det meste av øya høyrer til Tyskland og landkreis Ostvorpommern i Mecklenburg-Vorpommern, bortsett frå den austlege delen og byen Świnoujście (tysk Swinemünde) som har vore ein del av Pomorze Zachodnie vojvodskap (Vestpommern) sidan 1945. Øya har eit areal på 445 km², der 373 km² er tysk og 72 km² er polsk. Innbyggjartalet på øya er 76 500, 31 500 i den tyske delen og 45 000 i den polske.

Usedom
Świnoujście, Świna
Świnoujście, Świna
Geografi
Stad Mellom Austersjøen og Stettiner Haff
Koordinatar 53°56′N 14°05′E / 53.933°N 14.083°E / 53.933; 14.083

Areal 445 km²

Administrasjon
Land Tyskland og Polen
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Mecklenburg-Vorpommern
Ostvorpommern
Største by Heringsdorf (3 542 innb.)
Land Polen
Voivodskap Pomorze Zachodnie vojvodskap
Største by Świnoujście (44 585 innb.)
Demografi
Folketal 76 500
Folketettleik 172 /km²

Historie endre

Omkring 400-talet vart øya busett av slavarar. Frå 1000-talet vart området kalla Vorpommern og var ein del av Polen. I 1128 aksepterte hertugen av Pommern, Wartislaw I kristendom frå Otto av Bamberg. I 1155 vart det oppretta eit kloster i Grobe, som i 1309 vart flytta til landsbyen Pudagla. I mellomtida vart det oppretta eit anna kloster i Crummin og snart var nesten heile øya abbeden sin eigedom. Etter reformasjonen kom øya inn under Hertugen av Pommern att. Under trettiårskrigen, den 26. juni 1630, gjekk den svenske hæren med kong Gustav Adolf II i land ved Peenemünde. Usedom vart annektert av Sverige etter krigen og var svensk fram til 1720 då ho vart seld for 2 millionar dalar til den prøyssiske kongen Fredrik Vilhelm I. I 1740 utvikla Fredrik II av Preussen hamnebyen Swinemünde.

Sidan Gründerzeit på 1800-talet har øya vore eit turistmål, og omfattar Bäderarchitektur. Badebyar her er mellom anna Zinnowitz og fire Bernsteinbäder i vest ogKaiserbad og Świnoujście i aust.

Den litle landsbyen Peenemünde kom i søkelyset under den andre verdskrigenLuftwaffe testa missil og rakettar her, mellom anna V-1 og V-2. Tyskarane nytta seg av tusenvis av slavearbeidarar som var krigsfangar i konsentrasjonsleiren på Usedom under krigen.

I 1945 vart den austlege delen av øya i lag med byen og hamna Świnoujście overlaten til Polen etter Potsdamkonferensen. Området var så folkesett med polakkar som vart kasta ut av områda vest for elva Vestre Bug av Sovjetunionen.

Geografi endre

Øya er skild frå naboøya Wolin av Świna-sundet (eller elva) (tysk Swine), som er hovudleia mellom Stettiner Haff og Pommernbukta, ein del av Austersjøen. Sundet mellom øya og fastlandet vert kalla Peenestrom og er ei forlenging av elva Peene, som munnar ut i den vestlege delen av Stettiner haff.

Den største byen på øya er Świnoujście (Swinemünde), som har fleire innbyggjarar enn resten av øya. Ein annan by, som har gjeve namn til øya, heiter Usedom. Den største byen i den tyske delen heiter Heringsdorf (tidlegare Dreikaiserbäder). Det er mange turiststader på nordkysten, inkludert Ahlbeck, Heringsdorf og Bansin, i tillegg til Świnoujście og Zinnowitz.

Usedom har eit årleg gjennomsnitt på 1 906 solskinnstimar, og er rekna som det solrikaste området både i Tyskland, Polen og i heile Austersjøen.[1] Ho har kallenamnet 'Soløya' både på tysk (Sonneninsel) og og polsk Wyspa Słońca).[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Usedom