Utlendingslova

(Omdirigert frå Utlendingsloven)

Utlendingslova er lova om tilgangen utlendingar har til Noreg og opphaldet der. Lova vart lagt fram 24. juni 1988, trod i kraft frå 1. januar 1991 og erstatta då Framandlova av 1956. Utlendingslova av 1988 vart avløyst av ei ny utlendingslov frå 2008, i kraft frå 1. januar 2010.

Utlendingslova gjev rammer for innreisa til utlendingar inn i Noreg og opphaldet deira, me.a inneheld ho reglar om arbeidsløyve, opphaldsløyve og nekting eller opphøyr av tilgangen til å opphalda seg i Noreg, som bortvising og utvising av utlendingar.

Opphaldsløyve endre

Ein utlending som ikkje er nordisk borgar og ynskjer å opphalda seg i riket utover tre månader utan å ta arbeid, må ha opphaldsløyve. For å få samtykka opphaldsløyve vert det som hovudregel stilt me.a. krav om at underhald og bustad må vera sikra. Løyve for fyrste gong får ein til vanleg for eitt år, to eller tre år. Borgarar av EØS-land kan søkja om opphaldsløyve etter innreise, og har rett til opphaldsløyve når visse vilkår er dekkja , i fyrste omgang for fem år.

Asyl endre

Ein flyktning som er i riket eller på norsk grense har som hovudregel etter søknad rett til fristad (asyl). Unntak gjeld me.a. for flyktning som har hatt opphald i stat eller område der personen ikkje var forfylgt og heller ikkje hadde grunn til å frykte tilbakesending til heimlandet. Stadfesting av asyl gir utlendingen opphaldsløyve og etter søknad arbeidsløyve. I staden for å få samtykka asyl, får mange opphald på humanitært grunnlag.

Pass og visum endre

Kvar ein utlending som kjem til Noreg må ha pass eller anna legitimasjonsdokument dersom noko anna ikkje er bestemt. Den nordiske passfridomsavtala gir nordiske borgarar unntak frå dette kravet. Schengenavtala har skapt eit stort europeisk passfritt område, men det er passkontroll ved innreise til Schengenområdet. Ved passering av landegrenser i Schengenområdet er det formelt sett ikkje passkontroll, men ein må alltid ha gyldig identifikasjonsdokument. For mange vil dette i realiteten vera et pass.

Som hovudregel gjeld at utlendingar må ha visum for å få tilgang til riket, men det er unntak me.a. for borgarar av nordiske land og land som Noreg har avtale om visumfridom med.

Forvalting endre

Den praktiske handhevinga av utlendingslova med forskrifter høyrer under Utlendingsdirektoratet, Utlendingsnemnda, politiet og utanriksstasjonane. Etter omorganisering i 2005 er Arbeids- og inkluderingsdepartementet ansvarleg fagdepartement. Vedtak treft av politiet eller utanriksstasjon kan ein påklaga til Utlendingsdirektoratet, mens ein kan påklaga vedtaket til dette organet til Utlendingsnemnda.

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre