Utne

tettstad i Ullensvang
Denne artikkelen handlar om grenda Utne i Hardanger. For garden Utne i Østfold fylke, sjå Utne i Greåker.

Utne er ei grend i Ullensvang kommune i Hardanger. Utne ligg på nordenden av Folgefonnhalvøya, på sørsida av Utnefjorden, vest for innlaupet til Sørfjorden.

Utne
stad
Utne Halfway stop.jpg
Utne sett frå ferja (Kinsarvik-Utne-Kvanndal)
Foto: Ed Fenton
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5778 UTNE
Innbyggjarnamn utning
Preposisjon Utne

Utne
60°25′0″ N 6°36′0″ E
Wikimedia Commons: Utne

Riksveg 550 går om Utne til Odda og Jondal, og det er ferjesamband frå Utne til Kinsarvik og Kvanndal. Sommarstid går det snøggbåt mellom Norheimsund, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Eidfjord og Ulvik. Det var eige postkontor på Utne til for nokre få år sidan, og no er det post i butikk. Utne har framleis eige postnummer, 5778 Utne.

På Utne ligg hovudavdelinga til Hardanger Folkemuseum.

Utne Hotel opna som gjestgjevargard i 1722 og er framleis i drift, hotellet og den tilhøyrande Tingstova og eit naust vart freda av Riksantikvaren sommaren 2006.

I 2004 stod eit av dei største fruktlagra i Noreg ferdig i Sletthagen på Utne. Anlegget er eigd av Hardanger Fjordfrukt. Ullensvang herad driv lækjarkontor, barnehage, bibliotekfilial og alders- og sjukeheimen Utneheimen.

Ungane frå Utne går no på Hauso skule etter at Vines skule vart lagd ned. Dei næraste vidaregåande skulane er i Odda, på Voss og i Øystese.

I 1895 stod Utne kyrkje ferdig, tidlegare hadde utningane sokna til Kinsarvik kyrkje.

BiletgalleriEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Utne