60°26′15″N 6°38′0″E / 60.43750°N 6.63333°E / 60.43750; 6.63333

Utnefjorden
Utnefjorden inn mot Kinsarvik sett frå Tjoflot
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss, Ullensvang
Kart
Utnefjorden
60°26′12″N 6°37′14″E / 60.43655889°N 6.62063611°E / 60.43655889; 6.62063611
Wikimedia Commons: Utnefjorden

Utnefjorden er ein del av Hardangerfjorden i kommunane Voss og Ullensvang. Fjorden går 6 km søraustover frå enden av Indre Samlafjorden til der Hardangerfjorden deler seg i Sørfjorden og Eidfjorden. Nord for Utnefjorden ligg Granvinsfjorden som går nordaustover. Tettstaden Utne ligg halvvegs langs fjorden på sørvestsida og har gjeve namn til fjorden.

Ferjer ved Utne. Mellom Folgefonnhalvøya, der Utne ligg, og fjella lenger bak, går Sørfjorden inn.

Fjorden har det ytre innløpet sitt mellom Streitet nord for Utne og Tjoflot på andre sida. I andre enden sluttar fjorden mellom Trones i sørvest og Slåttenes i nordaust. Rett søraust for fjorden ligg Kinsarvik. På kvar side av fjorden ligg to høge fjell. Grimsnuten på 1233 meter over havet ligg sør for Utne, medan Oksen på 1241 meter over havet ligg ved Tjoflot.

Frå Utne går det ferjesamband nordover til Kvanndal og sørover til Kinsarvik.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Utnefjorden