Utvær fyrstasjon

(Omdirigert frå Utvær fyr)

Utvær fyrstasjon er det vestlegaste fyret i landet og ligg ved fiskeværet Utvær i Solund kommune i Vestland på nordsida av innløpet til Sognefjorden.

Utvær fyrstasjon

Utvær sett frå Fedje på ein klår dag. Avstanden er 32 km.
FylkeVestland
KommuneSolund
FunksjonKystfyr
Oppretta1900
Koordinatar61°02.23708′N 4°30.5925′E / 61.03728467°N 4.5098750°E / 61.03728467; 4.5098750
Fyrtårn
Høgd31,0
FormRaudt tårn
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterLysglimt kvart 30. sekund
Lyshøgd45 moh.
Lysvidde18,6 nm
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert2004
Avfolka2004
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Utvær fyrstasjon
61°02′13″N 4°30′36″E / 61.0369°N 4.51°E / 61.0369; 4.51
Utvær fyrstasjon is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Utvær fyrstasjon

Fyrtårnet er 31 meter høgt i støypejern og er farga heilt raudt. Eit lite bifyr i støypejern står på ein betongcisterne. Hovudtårnet vart sterkt skadd under eit flyåtak i 1945 og ein stor del av bygningane rundt tårnet brann ned. I 1948 fekk fyret nytt lyktehus og eit 3. orden blinkapparat som framleis er i drift.

Fyrstasjonen inneheld maskinhus, bustader og uthus tett ved fyrtårnet, samt naust, landing og tufter etter tidlegare fellesbustad. Området som fyrstasjonen ligg i er verna som naturreservat etter lov om naturrvern, medan sjølve fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre