Vågå kommune
Vågå kommune er ein kommune i Ottadalen i Oppland i Innlandet fylke. Han grensar til Lesja i nord, Dovre og Sel i aust, Nord-Fron i søraust, Vang i sør og til Lom i vest.
Vågå kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Vågåmo | ||
Areal | 1 330 km² | ||
- land | 1 258 km² | ||
- vatn | 72 km² | ||
Folketal | 3 532 (1. januar 2023) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Harald Sve Bjørndal (Bygdalista) | ||
Kommunenr. | 3435 | ||
![]() Vågå kommune | |||
Wikimedia Commons: Vågå | |||
Nettstad: www.vaga.kommune.no | |||
Kommunen ligg omkring det nedre dalføret av Ottaelva, mellom kommunane Sel og Lom. I sør høyrer den øvre delen av Sjodalen som ikkje er busett til Vågå. Dei fleste innbyggjarane bur i Vågåmo, Lalm og Tessand. Av andre bygder i kommunen kan nemnast Nordherad, Skogbygda og Skårvangen.
Geografi Endra
Vågå omfattar store delar av Jotunheimen, med mellom anna Besseggen, Gjendevatnet og Knutsholstindane som ligg innanfor kommunegrensene. Meir enn tre firedelar av arealet i kommunen ligg høgre enn 900 moh. På nordsida av Otta går fjella opp i 1500–1600 moh. på grensa mot Dovre og Lesja, og i Jotunheimen er fleire toppar over 2000 moh. Høgst av dei er Store Knutsholstinden (2341 moh.) og Tjørnholstind (2331 moh.) på sørsida av Gjende, nær grensa mot Vang. Den austlege delen av Jotunheimen nasjonalpark ligg i den sørlege delen av kommunen.
Samferdsel Endra
Riksveg 15 (Otta–Måløy) følgjer hovuddalen og går på sørsida av Vågåvatnet. Frå denne tar fylkesveg 51 av ved Tessand sørover til Fagernes gjennom Sjodalen og over Valdresflye. I fjellet er det fleire vegar. Det går mellom anna veg opp til Televerkets sendar på Blåhø (1617 moh.) nordaust for Vågåmo og frå Randsverk opp Veodalen til Glitterheim turisthytte.
Verdt å vitja Endra
Kjende vagværar Endra
- Edvard Storm (1749–1794), diktar
- Erland Lien (1798-1862), klokkemakar
- Ivar Kleiven (1854-1934), forfattar
- Ragnvald Skrede (1904–1983), forfattar og kritikar
- Haakon Blankenborg (f. 1955), politikar
Kjelder Endra
- «Vågå» av Geir Thorsnæs i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff Endra
- Vågå kommune
- Vågåmål før og no Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- Turistliv i Vågå Arkivert 2005-08-29 ved Wayback Machine.