Vågsvåg

Vågsvåg er ei bygd og ein tettstad på sørsida av Vågsøy, ved utløpet av Nordfjord. Staden har 204 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg i Kinn kommune i Vestland.

Vågsvåg
stad
Vaagsberget handelsstad (03).jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kinn
Areal 0,26 km²
Folketal 204 (2017)
Folketettleik 785 / km²
Postnummer 6700 MÅLØY
Preposisjon i Vågsvåg

Vågsvåg
61°56′16″ N 5°2′55″ E

I Vågsvåg ligg garden Våge som er rekna for den fyrste busetnaden på Vågsøy. Bilveg med dagleg bussrute frå byen Måløy går gjennom Vågsvåg og vidare til Kannesteinen i Oppedal. Vågsvåg har naturleg og lun hamn. Den gamle handelsstaden Vågsberget frå 1600-talet ligg i Vågsvåg. Der ligg også verksemdene Vågsøy ferdigbetong, Solheims fiskeferie, Vågsvåg mekaniske verkstad og ei avdeling av Måløy gjestgiveri.

Torskangerpoll musikklag held stormfestival for korps kvart tredje år i Vågsvåg.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.