V-2 Schneider
V-2 Schneider Singel av David Bowie frå albumet “Heroes” | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. september 1977 | |
Innspelt | Juli–august 1977 | |
Studio | Hansa Studio by the Wall (Vest-Berlin) | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:10 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
«Be My Wife» (1977) |
V-2 Schneider | «Beauty and the Beast» (1978)
|
«V-2 Schneider» er ein stort sett instrumental låt skriven av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Det var ein hyllest til Florian Schneider,[1] opphavleg medlem i bandet Kraftwerk, som Bowie var inspirert av på den tida.[2] Tittelen syner òg til V-2-raketten, det første ballistiske missilet, som vart utvikla av den tyske hæren under andre verdskrigen.
Dei einaste orda som vert sungne er tittelen, først forvrengde med phasing.[3] Musikalsk er sporet uvanleg for ein off-beat saksofon av Bowie. Han byrja sin part på feil note, men heldt fram likevel.[4]
«V-2 Schneider» vart mykje spelt som B-sida til «“Heroes”», som kom ut før albumet, men vart ikkje spelt på den påfølgjande turneen i 1978. Den første konsertframføringa kom 20 år seinare.[3]
Konsertversjonar
endreEit konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam i juni 1997 kom ut som B-side til singelen «Pallas Athena» i august 1997 under namnet Tao Jones Index.[5] Denne versjonen kom òg ut som bonusspor på Digibook Expanded Edition av Earthling.
Andre utgjevingar
endre- Han vart først gjeven ut som B-side på «“Heroes”» i september 1977. Han kom òg ut på den tyske og franske versjonen av singelen, og på ein firespors australsk singel med alle dei tre versjonane av «“Heroes”».
- Han kom ut på samleplata Chameleon (Australia og New Zealand 1979).
- Songen er nytta i filmen Christiane F. og på filmmusikkalbumet.
- Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-serien.
- Han var med på instrumentalalbumet Bowie sete saman kalla All Saints.
Andre versjonar
endre- Philip Glass – “Heroes” Symphony (1996)
- Mandarins Drum and Bugle Corps – 2000
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «V-2 Schneider» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Roy Carr og Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.92
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.302
- ↑ 3,0 3,1 Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s. 228
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s. 324
- ↑ «Pallas Athena» at Teenage Wildlife. Henta 20. mai 2007.