Opna hovudmenyen

Venceslaus Ulricus Hammershaimb

(Omdirigert frå V. U. Hammershaimb)

Venceslaus Ulricus Hammershaimb (25. mars 18198. april 1909), òg kjend som V. U. Hammershaimb eller Venzel Hammershaimb, var ein færøysk prest og filolog. Hammershaimb vert rekna som grunnleggjar av det noverande færøyske skriftspråket. Slik kan han liknast med Ivar Aasen.

Venceslaus Ulricus Hammershaimb
V.U. Hammershaimb.jpg
Fødd 25. mars 1819
Sandavágur
Død

8. april 1909
København

Yrke språkforskar, skribent, pastor
Venceslaus Ulricus Hammershaimb på Commons
Hammershaimb frå eit frimerkje frå 1980

Hammershaimb er av tysk ætt på farssida, men voks opp på Færøyane og kjende seg som færøying. Han vart utdanna som teolog i København der han vart kjend med den danske presten og filosofen Grundtvig, men busette seg på Færøyane i 1855, der han var prestStreymoy. Heile tida interesserta han seg for, og studerte, dei ulike dialektane av morsmålet sitt, færøysk. Han vart prost på Færøyane i 1867, og var på Lagtinget i tre periodar. Han budde med kona i Danmark frå 1878 til han døydde i København i 1909.

Minnestein for Hammershaimb i Sandavágur.

Lingvistisk arbeidEndra

I 1846 gav Hammershaimb ut ei bok om færøisk ortographie eller rettskriving. Denne boka har vore gjeldande for færøysk språkføring opp til vår tid. Skriftspråket la han sterkt opp til det norrøne utgangspunktet. Til slutt vart det eit kompromiss, som er akseptabelt for alle dei færøyske dialektane. I tillegg ligg ikkje skriftspråket alt for fjernt frå gamle tekstar, og andre nordiske språk.

VerkEndra

 
Første band av Hammershaimbs Færøsk Anthologi frå 1891
  • 1852: Færøske Kvæder, København; 2. utgåve, Færøyane 1969
  • 1891: Færøsk Anthologi I. Tekst samt historisk og grammatisk Indledning, København; 2. utgåve, Tórshavn 1969

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Venceslaus Ulricus Hammershaimb

LitteraturEndra

  • Gerson - H. Hansen: Dansk Biografisk Lexikon, Bd. IV, Gyldendalske Boghandels Forlag, København 1892 [1], Artikkel om Hammershaimb: http://runeberg.org/dbl/6/0550.html
  • W.B. Lockwood: An Introduction to Modern Faroese, Føroya Skúlabókagrunnur, Tórshavn 1977 (Einleitung), 4. Auflage 2002 [2]
  • Eyðun Andreassen: Faroese Ballads and the Faroese Ballad Dance. A Bibliography: http://www.setur.fo/pdf/20020909152806.pdf