VM i alpine greiner 1950

Den 11. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 13. til 18. februar 1950 i Aspen i delstaten Colorado. Dei seks renna fann stad i skianlegget Ajax Mountain, straks utanfor arrangørbyen Aspen. Det var fyrste gongen ein alpin verdsmeistersap vart arrangert utanfor Europa.

Ajax Mountain våren 2005

Både menn og kvinner tevla i tre øvingar; slalåm, utfor og den nye øvinga storslalåm. Storslalåm stod på det alpine meisterskapsprogrammet for fyrste gong, og kom i staden for kombinasjonen, som rettnok var tilbake i verdsmeisterskapen 1954. 108 deltakar frå 14 land var påmeld meisterskapen i Aspen.

Medaljane vart fordelt på utøvarar frå fem land. Austerrike vann flest medaljar, sju i talet, tre av dei i gull. Zeno Colò frå Italia var den største forgrunnsfiguren med to gullmedaljar og ein sølv, austerrikske Dagmar Rom sanka tok gullmedaljar. Noreg fekk ein bronsemedalje ved Stein Eriksen i slalåm.

MennEndra

SlalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Georges Schneider   Sveits 2.06,4
  Zeno Colò   Italia 2.06,7
  Stein Eriksen   Noreg 2.08,0
4 Jack Reddish   USA 2.08,4
5 James Couttet   Frankrike
Ernest McCullough   Canada
Egon Schöpf   Austerrike 2.09,0

Dato: 16. februar
Løypelengd: 600 m, høgdeskilnad: 275 m

StorslalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Zeno Colò   Italia 1.54,4
  Fernand Grosjean   Sveits 1.55,2
  James Couttet   Frankrike 1.55,3
4 Henri Oreiller   Frankrike 1.55,8
5 Georges Schneider   Sveits 1.55,9
6 Carlo Gartner   Italia 1.56,0

Dato: 14. februar
Løypelengd: 2000 m, høgdeskilnad: 480 m

UtforEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Zeno Colò   Italia 2.34,4
  James Couttet   Frankrike 2.35,7
  Egon Schöpf   Austerrike 2.36,3
4 Bernhard Perren   Sveits 2.37,7
5 Christian Pravda   Austerrike 2.38,1
6 Jean Pazzi   Frankrike 2.38,6

Dato: 18. februar
Løypelengd: 3 400 m, høgdeskilnad: 800 m

KvinnerEndra

SlalåmEndra

Dato: 15. februar
Løypelengd: 400 m, høgdeskilnad: 175 m

StorslalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Dagmar Rom   Austerrike 1.29,6
  Trude Jochum-Beiser   Austerrike 1.29,8
  Lucienne Schmith-Couttet   Frankrike 1.30,0
4 Erika Mahringer   Austerrike 1.31,8
5 Anneliese Schuh-Proxauf   Austerrike 1.31,9
6 Lydia Gstrein   Austerrike 1.32,7

Dato: 13. februar
Løypelengd: 1200 m, høgdeskilnad: 300 m

UtforEndra

Dato: 17. februar
Løypelengd: 2100 m, høgdeskilnad: 600 m

KjelderEndra