VM i alpine greiner 2017

Den 44. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 6. til 19. februar 2017 i St. Moritz i kantonen Graubünden i Sveits. Meisterskapen omfatta 11 tevlingar. Både menn og kvinner tevla kvar i fem individuelle øvingar, medan i ei lagtevling deltok to utøvarar frå begge kjønn på dei ulike laga. Det var fjerde gongen den alpine ski-verdsmeisterskapen vart arrangert i St. Moritz, sist i 2003.

589 deltakarar frå 77 land var påmelde til meisterskapen. Noregs tropp, som bestod av sju menn og seks kvinner, sikra seg ein sølvmedalje ved Kjetil Jansrud i super-G og ein bronse ved Leif Kristian Haugen i storslalåm. Henrik Kristoffersen og Aleksander Kilde kom begge på fjerdeplass i to ulike øvingar, medan Ragnhild Mowinckel var beste norske kvinne med sin sjetteplass i super-G.

Austerrikaren Marcel Hirscher med to gullmedaljar og ein sølv, og dobbelt gullvinnar Tessa Worley frå Frankrike var dei fremste utøvarane i meisterskapen.

MennEndra

SlalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Marcel Hirscher   Austerrike 1.34,75
  Manuel Feller   Austerrike 1.35,43
  Felix Neureuther   Tyskland 1.35,68
4 Henrik Kristoffersen   Noreg 1.35,79
5 Aleksandr Khorosjilov   Russland 1.35,80
6 André Myhrer   Sverige 1.35,85

Dato: 19. februar 2017
Høgdeskilnad: 190 m

StorslalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Marcel Hirscher   Austerrike 2.13,31
  Roland Leitinger   Austerrike 2.13,56
  Leif Kristian Haugen   Noreg 2.14,02
4 Henrik Kristoffersen   Noreg 2.14,07
5 Philip Schörghofer   Austerrike 2.14,16
6 Matts Olsson   Sverige 2.14,24
7 Alexis Pinturault   Frankrike 2.14,29

Dato: 17. februar 2017
Høgdeskilnad: 355 m

Super-GEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Erik Guay   Canada 1.25,38
  Kjetil Jansrud   Noreg 1.25,83
  Manuel Osborne-Paradis   Canada 1.25,89
4 Aleksander Kilde   Noreg 1.25,92
5 Vincent Kriechmayr   Austerrike 1.26,26
6 Alexis Pinturault   Frankrike 1.26,28

Dato: 8. februar 2017
Løypelengd: 1920 m, høgdeskilnad: 600 m

UtforEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Beat Feuz   Sveits 1.38,91
  Erik Guay   Canada 1.39,03
  Max Franz   Austerrike 1.39,28
4 Kjetil Jansrud   Noreg
Patrick Küng   Sveits 1.39,30
6 Aleksander Kilde   Noreg 1.39,40

Dato: 12. februar 2017
Løypelengd: 3050 m, høgdeskilnad: 800 m

KombinasjonEndra

Plass Utøvar Land Utfor Slalåm Tid
  Luca Aerni   Sveits 1.41,86 44,47 2.26,33
  Marcel Hirscher   Austerrike 1.41,55 44,79 2.26,34
  Mauro Caviezel   Sveits 1.40,30 46,09 2.26,39
4 Aleksander Kilde   Noreg 1.40,63 46,10
Dominik Paris   Italia 1.39,94 46,79 2.26,73
6 Justin Murisier   Sveits 1.40,43 46,39 2.26,82

Dato: 13. februar 2017
Utfor: løypelengd: 2920 m, høgdeskilnad: 705 m
Slalåm: høgdeskilnad: 180 m

KvinnerEndra

SlalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Mikaela Shiffrin   USA 1.37,27
  Wendy Holdener   Sveits 1.38,91
  Frida Hansdotter   Sverige 1.39,02
4 Petra Vlhová   Slovakia 1.39,16
5 Šárka Záhrobská   Tsjekkia 1.39,32
6 Michaela Kirchgasser   Austerrike 1.39,49

Dato: 18. februar 2017
Høgdeskilnad: 190 m

StorslalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Tessa Worley   Frankrike 2.05,55
  Mikaela Shiffrin   USA 2.05,89
  Sofia Goggia   Italia 2.06,29
4 Federica Brignone   Italia 2.06,47
5 Stephanie Brunner   Austerrike 2.06,85
6 Manuela Mölgg   Italia 2.06,88

Dato: 16. februar 2017
Høgdeskilnad: 355 m

Super-GEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Nicole Schmidhofer   Austerrike 1.21,34
  Tina Weirather   Liechtenstein 1.21,67
  Lara Gut   Sveits 1.21,70
4 Viktoria Rebensburg   Tyskland 1.21,87
5 Elena Curtoni   Italia 1.21,93
6 Ragnhild Mowinckel   Noreg 1.22,03

Dato: 7. februar 2017
Løypelengd: 2059 m, høgdeskilnad: 550 m

UtforEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Ilka Štuhec   Slovenia 1.32,85
  Stephanie Venier   Austerrike 1.33,25
  Lindsey Vonn   USA 1.33,30
4 Sofia Goggia   Italia 1.33,37
5 Laurenne Ross   USA 1.33,57
6 Christine Scheyer   Austerrike 1.33,79

Dato: 12. februar 2017
Løypelengd: 2633 m, høgdeskilnad: 705 m

KombinasjonEndra

Plass Utøvar Land Utfor Slalåm Tid
  Wendy Holdener   Sveits 1.17,84 41,04 1.58,88
  Michelle Gisin   Sveits 1.17,47 41,46 1.58,93
  Michaela Kirchgasser   Austerrike 1.18,23 41,03 1.59,26
4 Denise Feierabend   Sveits 1.18,38 41,32 1.59,70
5 Lindsey Vonn   USA 1.17,75 41,98 1.59,73
6 Marie-Michèle Gagnon   Canada 1.18,61 41,54 2.00,15

Dato: 10. februar 2017
Utfor: løypelengd: 2059 m, høgdeskilnad: 550 m
Slalåm: høgdeskilnad: 155 m

KjelderEndra