Vienna Standard Mean Ocean Water

(Omdirigert frå VSMOW)

VSMOW eller Vienna Standard Mean Ocean Water er ein isotopisk vasstandard som vart definert i 1968 av Det internasjonale atomenergibyrået. Trass i det noko villeiande uttrykket «ocean water» (sjøvatn) refererer VSMOW til reint vatn (H2O) og inneheld ikkje salt eller andre stoff i det heile tatt. VSMOW fungerer som ein standardreferanse for å samanlikne isotopforhold i hydrogen og oksygen, hovudsakleg i vassprøvar. Særs reint, destillert VSMOW-vatn vert nytta til å lage særs nøyaktige instrument som måler dei fysiske eigenskapane til vatn og for å definere standardar for laboratorium.

Den opphavlege vassbehaldaren brukt til målinga

Tidlegare vart normalt sjøvatn og smelta snø nytta som referansepunkt. Desse vart vidare reinsa i 1960-åra etter standarddefinisjonen Standard Mean Ocean Water (SMOW). Det amerikanske National Bureau of Standards (i dag NIST) oppretta ein fysisk vasstandard for globalt bruk. Den fysiske integriteten til den amerikanske standarden vart derimot snart trekt i tvil.

VSMOW er ei rekalibrering av den opphavlege SMOW-definisjonen og vart oppretta i 1967 av Harmon Craig og andre forskarar frå Scripps Institution of Oceanography, som blanda destillert havvatn frå forskjellige område på jorda. VSMOW er framleis eit av dei store isotopiske referansepunkta for vatn som er i bruk i dag. remains one of the major isotopic water benchmarks in use today.

Eigenskapar til VSMOW endre

  • Væske, maksimum tettleik: 999,97495 kg/m3 ved 3,984 °C
  • Tettleik til smeltande is: 916,8 kg/m3
  • Smeltepunkt: 0.000 089(10) °C
  • Trippelpunkt: 0.01 °C (nøyaktig ut frå definisjonen) ved 611.657 Pa
  • Kokepunkt ved 1013,25 hPa: 99,9839 °C, (99,974 °C med kalibrering ved ITS-90)
  • Molar masse: 18,015268 gram per mol

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre