Vadims Vasiļevskis

Vadims Vasiļevskis (fødd 5. januar 1982) er ein latvisk tidlegare spjutkastar frå Riga. Han vann sølvmedaljen i øvinga under Sommar-OL 2004 og vart elles nummer 4 i tre store internasjonale meisterskap.

Vadims Vasiļevskis


Statsborgarskap Latvia
Fødd 5. januar 1982 (42 år)
Riga
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

5. klasse av Trestjerneordenen

Aktiv endre

Vasiļevskis sette personbeste med 84,43 m i kvalifiseringa under Sommar-OL 2004. I finalen forbetra han seg til 84,95 meter og kneip sølvmedaljen, like framom framom Sergej A. Makarov frå Russland, nordmannen Andreas Thorkildsen vann den olympiske gullmedaljen med eit kast på 86,50 m.

Den 27. mai 2006 kasta Vasiļevskis over 90 meter for fyrste gong. 90,43 meter var årsbeste i verda, så han kom til Göteborg-EM som gullkandidat. Med 83,21 m i finalen enda han fjerdeplassen, langt bak dei tre medaljevinnarane; Andreas Thorkildsen, Tero Pitkämäki og Jan Železný. Vasiļevskis flytta så den personlege og latviske rekorden til 90,73 meter ved eit stemne i Tallinn 22. juli 2007. I verdsmeisterskapen i Osaka nådde han 85,21 m og vart på ny fjerdemann, vel meteren bakom bronsevinnaren.

I 2008 vann Vasiļevskis spjut-tevlinga ved IAAF-finalane i Stuttgart med eit kast på 86,65 m. Dermed viste han Andreas Thorkildsen til andre- og Tero Pitkämäki til tredjeplassen. Sommaren 2009 var Vasiļevskis med eit kast på 90,71 meter nær ved å pynte på den latviske spjut-rekorden. Trass i moderate 82,37 m fekk han ein ny fjerdeplass då verdsmeisterskapen 2009 vart avvikla i Berlin. Sesongane 2010-14 makta han berre sjeldan å nærme seg gammalt nivå.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre