Vaktelmaurfugl
Vaktelmaurfugl, Myrmornis torquata, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Myrmornis.
Vaktelmaurfugl | |
Vaktelmaurfugl | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Vaktelmaurfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Myrmornis |
Art: | Vaktelmaurfugl M. torquata |
Vitskapleg namn | |
Myrmornis torquata |
Vaktelmaurfugl er 16,5 cm i lengd og veg 46 gram. Han har særs kort stjert, kraftig langt nebb, strupen er svart, krone, nakke og oversida raudbrun og gulbrunflekkete, undersida er gråleg. Vengene er mørke med fleire brungule band. Bak auga, ned til eit band rundt brystet er det svartkvite striper eller flekker. Hofuglen liknar, men har raudbrun krone og strupe.
Denne arten har habitat i våt tropisk eller subtropisk skog i lågland eller i bakkeskråningar. Vaktelmaurfugl søkjer føde parvis på bakken ved å hoppe rundt og flytte på eller snu på nedfallsblad. Dei følgjer ikkje svermar av vandremaur. Reiret er hengt opp i ei låg grein, egga er fløytekvite med brunfiolette strekar og flekker.
Vaktelmaurfugl kan treffast i alle desse landa: Brasil, Colombia, Ecuador, Fransk Guyana, Guyana, Nicaragua, Panama, Peru, Surinam og Venezuela.[1]
Kjelder
endre- Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Myrmornis torquata. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. august 2014.
Referansar
endre- ↑ BirdLife International (2014)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av vaktelmaurfugl hos Internet Bird Collection