Valdemar Atterdag
Valdemar Atterdag eller Valdemar IV Atterdag (1321–24. oktober 1375)[1] var konge av Danmark frå 1340 til 1375. Han var den yngste sonen av Kristoffer II av Danmark og Eufemia av Pommern.[2]
Valdemar Atterdag | |
![]() | |
Fødd | 1320 |
---|---|
Fødestad | Tikøb |
Død | 24. oktober 1375 |
Dødsstad | Gurre slott |
Gravstad | Sorø klosterkyrkje |
Gift med | Helvig av Slesvig |
Dynasti | Huset Estridsen |
Far | Kristoffer II av Danmark |
Mor | Eufemia av Pommern |
Born | Christoffer, hertug av Lolland, Ingeborg Valdemarsdatter, Margrete Valdemarsdotter |
Valdemar gifta seg med Helvig av Slesvig, dotter av hertug Erik II av Slesvig. Dei fekk seks born saman, men berre tre vart vaksne: Junker Kristoffer som døydde i tenåra, Ingeborg Valdemarsdotter som gifta seg med hertug Henrik III av Mecklenburg og Margrete Valdemarsdotter som gifta seg med den norske kongen Håkon VI Magnusson.[1][2]
Valdemar er gravlagd i Sorø klosterkyrkje.[2]
KjelderEndra
- ↑ 1,0 1,1 Pajung, S. (21. september 2015). «Valdemar 4. Atterdag». Den Store Danske. Henta 13. januar 2023.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Valdemar Atterdag ca. 1321-1375». Danmarkshistorien ved Aarhus Universitet.