Opna hovudmenyen

Valentin er eit mannsnamn som stammar frå det latinske Valentinus, som er avleidd frå valens som tyder 'sunn, sterk'.[1] Det kan også vera eit tysk og spansk etternamn.

Valentin kan også skrivast med W, Walentin. Den engelske forma av namnet er Valentine, med kortforma Val. Valentino er ei italiensk form. Namnet finst også på til dømes ungarsk som Bálint, på walisisk som Folant, og på polsk som Walenty. Valentina er ei kvinneleg form av namnet.

Fleire personar i tidleg kristendom heitte Valentin. Ein av desse, den heilage Valentin av Roma, har helgendag på valentinsdagen den 14. februar. Denne datoen har Valentin namnedag i Sverig og Finland, medan Valentinus har namnedag i Danmark.

Kjende namneberararEndra

KjelderEndra

  1. Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Valentine», A Dictionary of First Names, Oxford University Press. Oxford Reference, henta 14. februar 2017 

BakgrunnsstoffEndra