Valerij Medvedtsev
Valerij Aleksejevitsj Medvedtsev (russisk: Валерий Алексеевич Медведцев) (fødd 5. juli 1964) er ein sovjet-russisk, tidlegare skiskyttar og -trenar frå Izjevsk. Han vart trippel verdsmeister i skiskyting i 1986, og vart i 1988 olympisk meister i stafett, samt verdsmeister på 20 km i 1990. I alt vann han elleve VM- og OL-medaljar. Medvedtsev tevla for både Sovjetunionen og Russland.
Valerij Medvedtsev | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 5. juli 1964 (60 år) Izjevsk |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 1994, biathlon at the 1988 Winter Olympics – individual, biathlon at the 1988 Winter Olympics – sprint, biathlon at the 1988 Winter Olympics – relay, biathlon at the 1992 Winter Olympics – men's relay |
Utmerkingar | Arbeidets røde fanes orden, Fortjent trener i Russland, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Aktiv
endreMedvedtsev debuterte internasjonalt under VM i skiskyting 1986 i Oslo, og vart verdsmeister i alle tre øvingane; 10 km, 20 km og stafett. Også året etter gjorde han gode løp i samtlege VM-øvingar, men måtte nøye seg med eit stafett-sølv. Han vann så stafettgull med Sovjetunionen under vinter-OL 1988 i Calgary, og tok i tillegg sølv både på sprinten og på 20 km, i begge tevlingane var Frank-Peter Roetsch hans overmann.
I 1990-sesongen kom Medvedtsev på tredjeplassen i verdscupen i skiskyting. Gjennom sine år som aktiv vann han tre individuelle renn i verdscupen, og stod på pallen sju gongar. Under VM 1990 i Minsk vann Medvedtsev sitt tredje individuelle VM-gull då han gjekk til topps på 20 km. Sigeren vart hans siste i dei store meisterskapane, sidan fekk han ein bronsemedalje i lag for Sovjetunionen under VM 1991 og to sølvmedaljar i stafett med Sovjetunionen i vinter-OL 1992 og med Russland under VM 1993. Han la opp i 1994.
Medvedtsev er sidan 2000-talet gift med skiskyttaren Olga Pyljova, og var ei tid trenaren hennar.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM i skiskyting 1986 i Oslo: Gullmedalje i alle tre øvingane; 20 km, 10 km og stafett
- VM i skiskyting 1987 i Lake Placid: Sølvmedalje i stafett og nr 4 på 20 km
- Vinter-OL 1988 i Calgary: Gullmedalje i stafett, sølvmedalje både på 10 km og 20 km
- VM i skiskyting 1989 i Feistritz: Nr 11 på 10 km
- VM i skiskyting 1990 i Minsk: Gullmedalje på 20 km
- VM i skiskyting 1991 i Lahti: Nr 7 på 10 km, bronsemedalje i lagøvinga
- Vinter-OL 1992 i Albertville: Sølvmedalje i stafett
- VM i skiskyting 1993 i Borovets: Sølvmedalje i stafett
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Waleri Alexejewitsch Medwedzew» frå Wikipedia på tysk, den 24. november 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- «Valery Medvedtsev» (på engelsk). olympedia.org. Henta 25. januar 2023.