Valestrand er ei bygd i Sveio og ein tidlegare kommune i Hordaland. Valestrand er ei halvøy som ligg nord for Førdespollen, heilt nord i Sveio kommune.

Valestrand
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Sveio
Folketal ca 780 (2017)
Postnummer 5554 Valevåg
Preposisjon i Valestrand

Valestrand
60°30′0″ N 5°25′0″ E
Valestrand kyrkje
For Valestrand på Osterøy, sjå Valestrandsfossen.

Busetnaden i Valestrand er for det meste spreidd, bortsett frå to byggjefelt i Valevåg og på Tittelsnes. Fram til 1997 var bygda delt i to skulekrinsar, med Ørevik skule og Einstabøvoll skule. Dei er no slegne saman til Valestrand skule, som førebels held til i skulebygget til tidlegare Einstabøvoll skule.

Valestrand kyrkje vart sett opp i 1873 og står ved Ulvaråker.

Valestrand kommuneEndra

Frå formannskapslova vart innført i 1837 var Valestrand ein del av Stord formannskapsdistrikt. 15. mai 1868 vart Valestrand skilt ut som eigen kommune, med 900 innbyggjarar. 1. april 1870 vart ein del av Moster kommune, med 247 innbyggjarar, overført til Valestrand. 1. januar 1964 vart Valestrand slegen saman med delar av kommunane Skjold og Vikebygd i Rogaland og Sveio til det som no er Sveio kommune. Ved samanslåinga hadde Valestrand 1 216 innbyggjarar.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Valestrand kommune frå 1920 til 1964:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964
1067 1124 1208 1219 1232 1216

KjelderEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengde i Valestrand 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå