Vali Ionescu-Constantin (fødd 31. august 1960) er ein rumensk tidlegare lengdehoppar frå Turnu Măgurele. Ho vart europameister i øvinga i 1982, same året som ho sette verdsrekord med 7,20 meter.

Vali Ionescu


Statsborgarskap Romania
Fødd 31. august 1960 (63 år)
Turnu Măgurele
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Aktiv endre

Ionescu vart nummer tre i lengdehopp ved hall-EM 1982 med 6,52 m. Ved eit stemne i Bucuresti 1. august 1982 forbetra landskvinna Anișoara Cușmir verdsrekorden med seks centimeter til 7,15 m. Deretter flytta Ionescu rekorden ytterlegare til 7,20 meter i den same tevlinga. Under europameisterskapen i Aten i byrjinga september innfridde dei to rumenarane favorittstempelet, Ionescu vann gullmedaljen sine 6,79 m og Cușmir tok sølv med 6,73 m.

Ved dei olympiske sommarleikane 1984 gjekk dei same to utøvarane til topps i lengdehopp. I Los Angeles var det Anișoara Stanciu, tidlegare Cușmir, som strauk av garde med gullmedaljen etter eit bestehopp på 6,96 meter, Ionescu vart nummer to med 6,81 m. Nett same lengda, 6,81 m, nådde Ionescu ved europameisterskapen 1986 der ho enda på fjerdeplassen.

Ionescu-Constantin hoppa 7,08 meter i OL-sesongen 1988, deltok likevel ikkje i Sommar-OL i Seoul. Ho la opp etter 1990-sesognen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre