Flyet Valkyrien

norskregistrert sjøfly
(Omdirigert frå Valkyrien (fly))

Valkyrien var ei norskregistrert sjøfly («amfibium») av typen Sikorsky S-43. Flyet vart skaffa av Det Norske Luftfartselskap i 1936 og var meint å setjast inn i ei ny atlanterhavsrute som skulle flygast i samarbeid med Pan American World Airways frå 1. juli same året. DNL innleidde kontrakt med Igor Sikorsky og DNL fekk oveta eit av dei 14 S-43 som skulle leverast til Panair. Flyet vart sendt til Noreg i delar og sett saman der, og registrert i Norges luftfartøyregister som LN-DAG.

Sikorsky S-43 LN-DAG «Valkyrien»

Det var tidlegare inngått ein avtale mellom Bernt Balchen på vegne av DNL og Juan Trippe på vegner av Panair, der DNL skulle stå for flyginga Bergen–Reykjavík og Panair strekninga Reykjavik–New York.

Panair gjekk bort frå avtala, og DNL vart sitjande igjen med ein maskin som dei ikkje hadde trafikkmessig behov for. Så snart flyet var sett saman og registrert vart det floge til Malmö for å setjast i opplag i påvente av at DNL fann ein kjøpar. Flyet vart selt til Frankrike den 14. september 1938 og fekk ny registrering: F-AREX

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre