Van der Graaf Generator

engelsk progressivt rockeband
Denne artikkelen handlar om musikkgruppa. For elektriske apparatet, sjå Van de Graaff-generator.

Van der Graaf Generator er eit engelsk progressivt rockeband, skipa i 1967 i Manchester av Peter Hammill og Chris Judge Smith og var den første artisten på Charisma Records. Dei selde ikkje godt i heimlandet, men vart populære i Italia i 1970-åra. I 2005 kom bandet saman att og er framleis musikalsk aktive med Hammill, organisten Hugh Banton og trommeslagaren Guy Evans.

Van der Graaf Generator

Van der Graaf Generator på scenen i 2009
OpphavManchester i England
Aktiv1967–1972, 1975–1978, sidan 2005
Sjanger
PlateselskapMercury, Charisma, Fontana, Vertigo, Probe, Dunhill, Virgin
MedlemmerPeter Hammill
Hugh Banton
Guy Evans
Tidlegare medlemmerChris Judge Smith
Nick Pearne
Keith Ellis
Nic Potter
David Jackson
Graham Smith
Charles Dickie

Bandet vart skipa på University of Manchester, men slo seg ned i London, der dei fekk kontrakt med Charisma. Dei gjekk gjennom fleire inkarnasjonar dei første åra, inkludert ein kort periode der dei gav seg i 1969. Då dei kom saman att, fekk dei noko suksess med The Least We Can Do Is Wave to Each Other (gjeve uti 1970 og det einaste albumet deira som nådde lista i Storbritannia) og etter oppfølgjaren, H to He, Who Am the Only One (desember 1970), stabiliserte besetninga seg kring Hammill, Banton, Evans og saksofonisten David Jackson. Kvartetten fekk så mykje suksess i Italia med utgjevinga av Pawn Hearts i 1971. Etterfleire slitsame turnear i Italia, vart bandet oppløyst i 1972. Dei kom saman att i 1975 og gav ut Godbluff og turnerte igjen mykje i Italia, før det vart store endringar i besetninga, medan bandet skifta namn til berre Van der Graaf. Bandet vart igjen oppløyst i 1978. Etter mange år frå kvarandre, spelte bandet ein konsert saman i Royal Festival Hall og la ut på ein kort turné i 2005. Sidan den gongen har bandet halde fram som ein trio med Hammill, Banton og Evans, som har gjeve ut plater og turnert regelmessig innimellom solokarrieren til Hammill.

Albuma deira har hatt ein tendens til å vere både tekstmessig og musikalsk mørkare enn mange av dei samtidige progrock-kollegaene (noko dei delte med King Crimson, der gitaristen Robert Fripp var gjesteartist på to av albuma deira) og gitarsoloar var unntaket heller enn regelen. I staden brukte dei ofte mykje orgelet til Banton, og fram til han slutta, fleire av saksofonane til Jackson. Hammill har vore den fremste låtskrivaren i bandet, og medlemmar i bandet har medverka på soloalbuma hans, men bandet har arrangert alt materialet i lag. Tekstane til Hammill dekkjer tema som døyelegheit, med ein kjærleik for science fiction-forfattarar som Robert A. Heinlein og Philip K. Dick, i tillegg til at han har omtalt seg sjølv som forvridd og forgjord. Røysta hans har vore ein markant del av bandet gjennom heile karrieren, skildra som «ein mannleg Nico». Sjølv om gruppa generelt har hatt lite salssuksess, har dei inspirert mange musikarar på tvers av mange sjangrar.

Historie endre

Skiping og tidlege år (1967–69) endre

 
Bandet var opphavleg skipa av studentar ved University of Manchester.

Bandet vart skipa i 1967 ved University of Manchester, etter Chris Judge Smith, som alt hadde spelt i fleire britiske rhythm and blues-grupper medan han var elev ved Oundle School, kom attende får ei reise til San Francisco og inspirert av gruppene han hadde sett der, sette saman ei liste over mogelge namn for ei ny gruppe.[2][3] Etter ei utilfredsstillande prøvespeling dei begge hadde møtt opp på etter å ha sett ei annonse for skipe eit nytt band, møtte han studenten Peter Hammill, som spelte somme av sine eigne, originale songar. Hammill hadde byrja å skrive songar og dikt då han var 12 år gammal, og hadde spelt i band då han var skuleelev. Han var så ei kort tid tilsett som dataprogrammerar, og har fortalt at han skreiv mykje av dei første songane til bandet på denne tida, før han byrja å studere i Manchester.[4] Smith var så imponert over kvaliteten på dei originale songane til Hammill, at dei to vart samde om å skipe eit band i lag.[5] Bandnamnet vart valt ut frå lista til Smith etter ein Van de Graaff-generator, eit mekanisk apparat som skapar statisk elektrisitet med lyn-liknande glimt. Feilstavinga var utilsikta. Smith meinte at årsaka at han hadde valt ut namnet var at Van de Graaff døydde i 1967, og vart omtalt i media.[2]

Blant banda som ofte spelte på universitetet, som Cream, Jimi Hendrix og Pink Floyd, var dei særskild imponert over The Crazy World of Arthur Brown, og henta inn ein organist, Nick Pearne, for å matche formatet i bandet til Arthur Brown.[5][6] I lag med to kvinnelege dansarar,[7] bestod den første besetninga av Hammill på gitar og vokal, Smith på trommer, blåseinstrument og vokal, og Pearne på orgel (sjølv om han i starten ikkje hadde eit instrument).[6] I følgje Smith spelte bandet først berre som eit tomannsband, der Smith stundom brukte ein skrivemaskin som perkusjonsinstrument. Den første konserten deira som tremannsband varfor studentsamskipnaden, som varte fem minutt før forsterkarane deira gav seg.[5]

Bandet klarte å overtyde studenten Caleb Bradley om å bli med dei,[8] og i starten av 1968 hadde bandet klart å spele inn eit demolydband inspirert av blues og jazz,[5][9] som dei sende til Lou Reizner, som då var den britiske sjefen i Mercury Records. Han tilbaud trioen Hammill, Smith og Pearne ein platekontrakt i mai.[6] På dette tidspunktet måtte bandet velje om dei skulle bli verande ved universitetet, eller slutte kursa sine og flytte til London for å bli profesjonelle musikarar. Pearne ønskte ikkje å gje opp studiane, og valde å forlate gruppa.[10]

Då dei kom til London, møtte Hammill og Smith den klassisk lærde organisten Hugh Banton, som var lydteknikarlærling i BBC[5]. Han var bror til ein ven av dei i Manchester.[11] Seinare det året møtte dei Tony Stratton-Smith, som skreiv managerkontrakt med dei i desember.[12] Gjennom han fekk bandet tak i ein bassist, Keith Ellis, og trommeslagaren Guy Evans kom inn ikkje lenge etterpå. Denne besetninga spelte inn ei rekkje demoar for Mercury, før dei spelte inn ein singel («People You Were Going To» med «Firebrand») for Polydor Records, utgjeven i januar 1969. Melody Maker sa singelen var «ein av dei beste platene den veka».[13] Men singelen vart raskt trekt attende etter press frå Mercury, sidan han braut med kontrakten Hammill og Smith signerte året før. På grunn av dette vart plata seinare eit samlarobjekt og i 2019 vart plata selt på ein auksjon for over tusen britiske pund.[14][15] Smith kjende seg overflødig og slutta i bandet, kort tid etter singelen var spelt inn.[5] Han gav seinare ut demoinnspelignar frå tida si i Van der Graaf Generator på ei plate kalla Democrazy.[16] Dei attverande fire medlemmane spelte for John Peel på BBC Radio 1-radioshowet Top Gear i november, og spelte fleire konsertar i England dei neste månadane.

Samstundes nekta Mercury å la bandet gå i studio, og samstundes nekta Stratton-Smith å la dei andre medlemmane i bandet signere for Mercury òg, sidan han ikkje synest avtalen var rettferdig for bandet (berre Hammill var att av dei tre som hadde signert med Mercury).[17] På toppen av det vart varebilen og utstyret deira stole seint i januar 1969.[15] Tjuveriet førte til at den økonomiske situasjonen deira vart forverra. Sjølv om bandet hadde suksess på turné, mellom anna med ein konsert i Royal Albert Hall i februar, som oppvarming for Jimi Hendrix,[18][19] vart bandet oppløyst i juni etter å ha spelt ein siste konsert på Nottingham's Pop & Blues Festival den 10. mai med lånt utstyr. John Peel annonserte slutten av bandet for publikum.[17]

I juli 1969 hadde Hammill byrja å spele solo på Marquee Club i London, og sidan han ikkje hadde noko gruppe, valde han å spele inn det som var meint som det første soloalbumet hans i Trident Studios den 31. juli og 1. august, i lag med Banton, Evans og Ellis som studiomusikarar.[20] Men gjennom ein avtale utarbeidd av Stratton-Smith, kom albumet The Aerosol Grey Machine ut i september 1969 på Mercury under namnet på gruppa, mot at dei vart sleppte fri frå kontrakten sin. Albumet vart i starten berre gjeven ut i USA, med nesten ingen marknadsføring, så salstala var minimale,[21] men gruppa valde å kome saman att i midten av innspelinga. Ellis hadde alt forplikta seg til å bli med i bandet Juicy Lucy og vart erstatta av den tidlegare bandkollegaen til Evan i The Misunderstood, Nic Potter.[22] Bandet fekk òg med seg fløytespelaren Jeff Peach på albumet og ønskte å hente inn enno ein instrumentalist. «Det var alltid ein idé om få inn enno eit melodisk instrument,» sa Evans. «Banton spelar ein solo, det er klart, og bidreg verkeleg på den måten, men han ynskjer ikkje å gjere det heile tida.»[23] Peach fekk tilbodet om å bli fulltidsmedlem, men droppa ut av bandet etter ei øving, då han meinte at spelestilen hans ikkje passa i bandet.[23] Plassen vart etter kvart fyllt opp av saksofonisten og fløytisten David Jackson, som tidlegare hadde spelt i bandet Heebalob i lag med Smith.[21] Hammill hadde alt spelt med Heebalob på Plumpton National Jazz Festival den 9. august, og var imponert av spelinga til Jackson. Han inviterte Jackon med i bandet, dels fordi han òg trengde ein til å dele leilegheit med for å få råd til leiga.[22]

Kontrakt med Charisma (1969–70) endre

 
Nic Potter (avbilda i 2007) kom inn i bandet i 1969 og spelte bass med dei fram til august 1970, og så igjen i 1977 og 1978.

I september byrja det nye femmannsbandet å øve i Notting Hill Gate[24] og byrja å endre stilen sin. Benton var inspirert av effektpedalar som Jimi Hendrix hadde gjort populære, og brukte dei elektroniske kunnskapane sine til å modifisere eit Farfisa-orgel. Jackson var inspirert av jazzmusikarar, særskild Rahsaan Roland Kirk, og byrja å spele fleire saksofonar (vanlegvis alt- og tenor) samstundes. Hammill valde å syngje på standard engelsk, og utforska den fulle rekkjevidda av røysta si. Banton sa «Me var alle stormannsgale. Me tok tak i vår eigen plass så godt me kunne.»[25] Bandet byrja å spele regelmessige konsertar, mellom anna fleire gonger ved Friars Aylesbury i november.[26]

Tony Stratton-Smith skipa Charisma Records og signerte bandet som den første artisten på selskapet. Dei spelte så inn det andre albumet sitt, The Least We Can Do Is Wave to Each Other frå 11. til 14. desember 1969 med produsenten John Anthony i Trident Studios. Røysta til Hammill vart elektronisk handsama på «After the Flood», medan «Refugees» og «White Hammer» vart framført med høvesvis cello og kornett. Fordi bandet var ferdig før tida dei hadde tinga var over, valde Potter å leggje til noko elektrisk gitar – eit instrument han aldri hadde spelt før.[27] Albumet kom ut februar 1970 og nådde topp 50 i Storbritannia.[28] Melody Maker sa «Om alle gruppene våre var som dette, ville det britiske musikkmiljøet blitt ti gonger betre.»[29]

Potter syns ikkje han passa inn i den stadig meir eksperimentelle stilen bandet utvikla og brukte ofte å vente til dei andre hadde utarbeidd sine partar på øvingane, før han la til basslinjene sine til slutt.[30] Etter å ha spelt inn tre spor for det tredje albumet deira, H to He, Who Am the Only One, valde han å slutte i bandet. Den siste konserten hans var 9. august 1970 på Plumpton-festivalen. Dei attverande medlemmane hadde Dave Anderson på prøvespel. Han var scenearbeidar for Brinsley Schwarz og ein ven av bandet, men etter ei veke med øvingar kom dei fram til at dei ikkje passa i lag musikalsk. Banton hadde samstundes blitt inspirert av arbeidet til Vincent Crane i Atomic Rooster, der Crane spelte basslinjer på basspedalane på eit Hammondorgel, og føreslo at han kunne gjere det same.[31] Med berre dagar fram til neste konsert, prøvde dei å øve som eit firemannsband, og det vart ein suksess.[32] Banton spelte seinare bassgitar på somme songar, sidan han hadde erfaring med instrumentet attende i 1960-åra,[33] og Hammill byrja å spele både piano og andre klaverinstrument, i tillegg til gitar. Jackson modifiserte saksofonane sine slik at dei vart heilt elektriske og ikkje trong å bli forsterka gjennom ein mikrofon. Han kombinerte lyden med ein wah-wah-pedal og ein oktav-splitter.[34]

Innspelinga av H to He heldt fram sporadisk gjennom 1970, i lag med Robert Fripp frå King Crimson som bidrog med gitar på «The Emperor in His War-Room». Produsenten John Anthony var ven av Fripp og inviterte han i studio som gjest, noko Fripp fram til då aldri hadde gjort før. I følgje Jackson sette Fripp «på hovudtelefonane og byrja å gli bort». Han lytta til sporet ein gong, og så spelte han inn bidraget sitt på to forsøk. «Killer vart seinare ein konsertfavoritt, og brukte om att eit mellomspel frå ein gammal Heebalob-song, og Smith vart oppført som medlåtskrivar på sporet.[35] Albumet kom ut i desember, men selde ikkje så godt som The Least We Can Do... fordi det mangla ein hit. Charisma føreslo å gje ut «Killer» på singel, men bandet ønskte ikkje det. I ei melding av albumet, roste Sounds særskild saksofonspelinga til Jackson, men kritikken var elles blanda.[36]

Den klassiske besetninga (1971–72) endre

 
Bandlogo
 
Hugh Banton brukte eit Hammond E-112-orgel, modifisert med elektronikk, som ein nøkkelingrediens i den tidlege stilen deira.

Kvartetten Hammill/Banton/Jackson/Evans som oppstod på H to He, Who Am the Only One vert no rekna som den «klassiske» besetninga. Gruppa spelte på 'Six Bob Tour' tidleg i 1971 i lag med andre artistar på Charisma, Genesis og Lindisfarne. Trass i den komplekse musikken, fekk bandet god respons på turneen, og Hammill merka seg at publikum på nesten alle konsertane kunne dei fleste songane. «Det var som ein stor familie, akkurat slik me alle hadde sett det for oss i dei villaste draumane våre».[37]

Medan dei var på turné byrja bandet å arbeide på komposisjonar mellom konsertane for det neste albumet deira, som kom til å bli Pawn Hearts. Intensjonen var å gje ut eit dobbeltalbum,[38] og bandet spelte inn materiale. Av økonomiske årsaker vart albumet ei enkelplate med tre spor – «Lemmings», «Man-Erg» og det 23 minuttar lange konseptstykket «A Plague of Lighthouse Keepers».[39] Hammill sa: «Charisma Records meinte det ikkje passa seg for oss å gje ut eit dobbeltalbum og la ned veto mot opptaka med hadde spelt live i studioog soloopptaka til Guy, David og Hugh.»[40] Masterlydbandet av innspelingane er gått tapt.[39] Fripp var igjen gjesteartist på gitar. Medan «Man-Erg» alt var blitt framført på konsertar, utvikla «A Plague of Lighthouse Keepers» seg i studio, innspelt i små seksjonar og sett saman under miksinga.[40] I følgje produsenten John Anthony har sporet mykje meir eksperimentering enn tidlegare album og sa «me utnytta utstyret i Trident til det maksimale og brukte på eit tidspunkt alle tilgjengelege opptaksmaskinar i Trident.» [40] Eksperimenta inkluderte lydbandmanipulering og Banton spelte Mellotron og synthesizer. I følgje Jackson la heile bandet til nye lydspor på ein seksjon heile seksten gonger.[40] Albumet kom ut oktober 1971 og vart ikkje ein suksess i Storbritannia, men særs populært i Italia, der det toppa albumlista i 12 veker.[41][42] Den påfølgjande singelen, «Theme One», gjekk òg til topps i Italia.[43] «Theme One» var ein instrumental, opphavleg skriven av Beatles-produsenten George Martin som ein fanfare for BBC Radio 1,[44] og kom seinare ut på amerikanske utgåver av Pawn Hearts.[45]

Etter salssuksessen i Italia, la bandet ut på ein seks veker lang turné der i byrjinga av 1972. Bandet var i mot å turnere der, og var redde for at dei kom til å spele for halvfulle spelestader, men vart sjokkerte over kor mange som kom for å sjå dei spele. «Pawn Hearts vart sett på som det ultimate albumet av det ultimate bandet,» sa Jackson, som på den tida ikkje fekk gå i fred på gata i delar av Italia. «Turneen var som om profetane hadde landa ... du kunne ikkje gå nokon stad utan at det braut ut 'Generator-mani' .»[46] Etter turneen fekk gruppa etter kort tid tilbod om ein ny italiensk turné, denne gongen med opp til tre konsertar om dagen. Innimellom turneane spelte bandet på belgisk fjernsyn, der dei framførte «Theme One» og «A Plague of Lighthouse Keepers».[47] Sidan studioopptaket av «A Plague of Lighthouse Keepers» var ei samansetjing av mange innspelingar, var det ikkje mogeleg å gjenskape på konsert, så bandet berre filma individuelle seksjonar av songen og sette dei saman.[48] Det var den einaste konsertframføringa av songen fram til 2013.[39]

Innan juni hadde bandet gjennomført ein ny italiensk turné (den tredje for året) og ønskte å spele inn nytt materiale. Noko av dette enda opp på soloalbumet til Hammill, Chameleon in the Shadow of the Night i 1973.[46] Men kombinasjonen av at dei hadde arbeidd så lenge utan pause, mangla støtte frå Stratton-Smith og Charisma, og stadig hadde økonomiske vanskar, vart bandet oppløyst, og Hammill slutta for satse på ein solokarriere i midten av 1972.[49]

Dei tre attverande medlemmane spelte inn eit instrumentalalbum med Nic Potter, Ced Curtis og Pietro Messina, under namnet 'The Long Hello'. Det sjølvoppkalla albumet (The Long Hello) kom ut i 1974.[16]

Den første sameininga (1975–78) endre

 
David Jackson (2009) spelte med bandet gjennom 1970-åra og igjen i 2005.

Hammill og bandet skildes som vener, og Banton, Jackson og Evans, blant fleire, bidrog alle på soloplatene hans gjennom tidene. I februar 1975 var alle medlemmane i bandet klare til å arbeide i lag igjen, og dei valde å starte opp att bandet.[50] Alle medlemmane ønskte å halde fram med ny musikk, utan nostalgi for den tidlegare perioden deira, og ønskte ikkje å spele tidlegare konsertfavorittar som «Killer» eller «Theme One». Hammill sa: «Me ønskte ikkje å halde fram som om ingenting hadde skjedd».[51] Banton heldt på å byggje sitt eige orgel på den tida, og sette prosjektet sitt på vent for å bli med i gruppa, og brukte eit innleigd Hammond C3-orgel i staden.[52] Hammill byrja å spele elektrisk gitar i bandet, som tidlegare hadde blitt lite brukt.[53]

Det nye bandet arbeidde hardt, øvde og turnerte i Frankrike før dei spelte inn tre nye album på berre eitt år, frå og med Godbluff (oktober 1975). I motsetnad til tidlegare arbeid med John Anthony i Trident, vart desse innspelingane produserte av bandet sjølv, og både Melody Maker og Sounds meinte dei var strammare og meir samanhengande enn før.[54][55] Hammill brukte mykje ein Hohner clavinet på albumet. Still Life kom ut 15. april 1976. Banton reknar dette som favorittalbumet hans av gruppa.[51]

Sommaren 1975 turnerte bandet i Italia utan spesielle hendingar, men då dei kom attende i november merka dei den politiske spaninga i landet. Opningskonserten i Padova var prega av samanstøytar mellom kommunistar som leverte politiske talar, og publikum som kasta ting på scenen. Etter ein konsert utan hendingar i Genova, vart det liknande konfrontasjonar den tredje dagen på turneen i PalaSport i Roma føre 40 000 menneske.[56] Dagen etter oppdaga bandet at det meste av utstyret deira var stolen frå varebilen deira, inkludert den blå Fender Stratocaster-gitaren til Hammill, kalla «Meurglys». Trass i trugslar frå arrangørane om at bandet skulle halde fram turneen med innleigd ustyr (som Jackson rekna som umogeleg på grunn av dei elektroniske modifikasjonane han hadde gjort med saksofonane sine),[51] avlyste dei resten av turneen. På mirakuløst vis hadde alle saksofonane til Jackosn overlevd tjuveriet.[56]

I desember 1976 etter World Record-turneen, slutta Banton, og i januar 1977 kom Nic Potter attende for å erstatte han i lag med fiolinisten Graham Smith (tidlegare i folkrockbandet String Driven Thing, som var på Charisma). Men då Jackson brått valde å slutte i bandet, stod dei fire attverande medlemmane igjen med ein heilt anna stil, og dei korta ned namnet sitt til Van der Graaf, som måtte fullføre ein vårturné. Dei spelte inn albumet The Quiet Zone/The Pleasure Dome, som kom ut i september 1977 og så kom Charles Dickie inn i bandet i august på cello og klaverinstrument, og vart verande med bandet det siste året deira. Dei spelte ikkje inn fleire studioalbum, så denne perioden er berre dokumentert av det doble konsertalbumet Vital, som vart spelt inn januar 1978 med fleire nye songar. David Jackson var òg med på dei to konsertane som opptaka var henta frå. Då Vital kom ut, i juli 1978, var bandet alt oppløyst, på grunn av mangel på støtte frå plateselskapet i USA og økonomiske vanskar.[57]

I 1982 vart ei samling med unytta opptak og øvingsopptak frå 1972 til 1975 gjevne ut (først berre på kassett) som Time Vaults. Det var meint som ei gåve til den hardaste kjernen av fansen, og dei fleste har ikkje studiokvalitet. Somme av dei har dårleg lyd med støy.[58]

Den andre sameininga (2005) endre

 
Peter Hammill på scenen i Amsterdam i 2008.

Trass i at dei vart oppløyst i 1978, sa Banton at gruppa «aldri fall langt utanfor tankane våre».[59] Banton, Jackson og Evans spelte på soloalbuma til Hammill, og alle fire spelte stundom i lag. I 1996 var kvartetten på scenen under ein konsert med Hammill og Evans i Union Chapel i London for å framføre «Lemmings», som seinare i mars 1997 kom ut som The Union Chapel Concert.[60] I 2003 vart Banton, Jackson og Evans med Hammill på «Still Life» i Queen Elizabeth Hall i London.[61]

Etter konserten i Queen Elizabeth Hall diskuterte bandet høvet til å arbeide meir i lag. I midten av 2004 byrja dei å skrive og øve inn nye songar. Dette førte til det doble Present, som kom ut i april 2005. Albumet fekk god respons i musikkpressa. Peter Marsh i BBC Music sa gruppa var «villige til å presse grensene litt, og velsigne dei for det»,[62] medan Dave Thompson AllMusic sa gruppa «aldri har laga noko anna enn flotte album gjennom livet sitt. Og dei har ikkje tenkt å slutte no.»[63] Dei heldt ein konert i Royal Festival Hall i London, den 6. mai 2005, som kom ut som Real Time i mars 2007.[64] Festival Hall-konserten vart etterfølgd av fleire konsertar i Europa den sommaren og hausten.[65] Konserten i Leverkusen i Tyskland den 5. november vart filma for Westdeutscher Rundfunk-programmet Rockpalast, som vart sendt 16. januar 2006.[66]

Hammill sa i ei melding i desember 2005 at det ikkje var planar om fleire innspelingar eller konertar med den «klassiske» Van der Graaf Generator-besetninga med han sjølv, Banton, Evans og Jackson.[67] Hammill annonserte så at bandet kom til å hald fram som ein trio, utan Jackson. Han sa seinare at Jackson slutta fordi «han verkar å ha vanskar med å forstå det me har blitt samde om i lag»[68] og at han ikkje gjekk overeins med dei andre medlemmane. Forholdet mellom Jackson og dei andre vart spent, og Hammill, Banton og Evans forstod at dei berre kunne halde fram gruppa utan han.[68]

Trio (sidan 2006) endre

 
Hugh Banton på scenen med Van der Graaf Generator i 2010.

Etter Jackson slutta tok gruppa ein pause før dei turnerte som trio i april og juli 2007 i Europa. Ein konsert 14. juli 2007 i Paradiso i Amsterdam vart teken opp og strøymd på nettsida FabChannel før det i juni 2009 kom ut på DVD og CD.[69]

Den første innspelinga til trioen, Trisector, kom ut 17. mars 2008. Dei spelte konsertar i Europa i mars og april, og i Japan i juni, mellom anna på Gouveia Art Rock Festival.[70] Det var fleire konsertar i januar 2009 i Europa, og bandet spelte fleire konsertar i Canada og USA sommaren 2009, mellom anna på NEARfest i Bethlehem i Pennsylvania. Det var berre den andre gongen Van der Graaf Generator spelte i USA (den første var i New York City i 1976).[71]

Våren 2010 spelte gruppa inn eit nytt album i Devon. A Grounding in Numbers kom ut 14. mars 2011. Live at Metropolis Studios 2010 kom ut på dobbel-CD og DVD 4. juni 2012. Bandet turnerte austkysten av USA og Canada i juni og juli 2012, og dei spelte igjen på NEARfest Apocalypse i Bethlehem i Pennsylvania den 22. juni.[72] Unytta opptak og studiojammar vart gjeven ut på albumet ALT i juni 2012. Hammill sa han likte den dåverande situasjonen, sidan «aktiviteten har gjenoppliva meg. Å gå frå ein ting til ein annan er energigjevande.»[73]

Gruppa fortsette å turnere i 2013, og mellom anna framførte dei «A Plague of Lighthouse Keepers» for første gongen.[74] I 2014 samarbeidde gruppa med den sovjetiske dissidenten Vladislav Sjabalin for eit kunstprosjekt kalla Earlybird Project. Tittelen kom frå eit spor på ALT.[75] I 2015 gav gruppa ut konsertalbumet Merlin Atmos med opptak frå turneen i 2013,[76] og After the Flood, som var eit album med BBC-opptak frå 1968 til 1977.[77][78] Eit nytt album, Do Not Disturb, kom ut i september 2016.[79] Det inkluderte songen «Alfa Berlina» som dokumenterte dei italienske turneane til gruppa i 1970-åra. Kritikarar spekulerte i om det kom til å bli det siste albumet deira, men dette er så langt ikkje blitt stadfesta.[80]

Innverknad endre

Sjølv om gruppa generelt selde dårleg utafor Italia i 1970-åra, har dei innspirert mange musikarar, som Rush,[81] John Lydon, Marc Almond, Graham Coxon, Luca Prodan, Mark E. Smith, John Frusciante[65] og Julian Cope.[82]

Coxon har særskild omtalt «House with No Door» frå H to He (1970) og sagt at sporet er «ekstremt vakkert, med den hrlege saksofon- og fløytesoloen til Jackson.»[83] Almond sa at då han høyrde «Killer» for første gongen «hadde eg aldri høyrt noko liknande før. Det var ikkje berre den snerrande, opera-aktige vokalen til Peter, det var blandinga av instrument ... eg vart fan med ein gong.»[83] John Lydon snakka om ryktet deira som eit band med ein slags erverva smak og sa «Det er eit par Van der Graaf-ting eg likar, men eg skal ikkje tilråde dei til andre. Det er ikkje sikkert det er for dei. Musikk kjem ikkje med retningslinjer.»[84] Bruce Dickinson – som var fan av bandet sidan han såg dei på Oundle School då han var 13 sa Hammill var ein av barndomsvenene hans.[83]

Sjølv om Van der Graaf Generator generelt vert rekna som progressiv rock, ønskte Julian Cope å halde dei på avstand frå denne musikkstilen: «Musikken deira var som eit Brecht-aktig barband - i røynda det motsette av progrock».[51] Likevel har bandet blitt anerkjend som ei inspirasjonskjelde for neo-progressiv rock som dukka opp i 1980-åra og som Marillion var ein av dei fremste forkjemparar for.[85] Syngjestilen til Hammill inspirerte Marillion-songaren Fish og han var oppvarmingsartist for den første turneen til Marillion.[86]

«Bandet me verkeleg brydde oss om var Van der Graaf Generator», sa Philip Oakey i The Human League. «Den musikken var så engasjerande.»[87]

Medlemmar endre

Noverande medlemmar
  • Peter Hammill – solo- og korvokal, gitar, elektrisk og akustisk piano, klaverinstrument (1967–1972, 1975–1978, sidan 2005)
  • Hugh BantonOrgel, klaverinstrument, basspedalar, bassgitar, korvokal (1968–1972, 1975–1976, sidan 2005)
  • Guy Evans – trommer, perkusjon (1968–1972, 1975–1978, sidan 2005)

Tidlegare medlemmar

Besetningar endre

1967 1967–1968 1968 1968
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Chris Judge Smith – vokal, trommer, blåseinstrument
  • Nick Pearne – orgel
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Chris Judge Smith – vokal, trommer, blåseinstrument
  • Hugh Banton – orgel, basspedalar, bass
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Chris Judge Smith – vokal, trommer, blåseinstrument
  • Hugh Banton – orgel
  • Keith Ellis – bass
  • Guy Evans – trommer
1968–1969 1969–1970 1970–1972 1972–1974
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Hugh Banton – orgel
  • Keith Ellis – bass
  • Guy Evans – trommer
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Hugh Banton – orgel
  • Guy Evans – trommer
  • Nic Potter – bass
  • David Jackson – saksofon, fløyte
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Hugh Banton – orgel, basspedalar, bass
  • Guy Evans – trommer
  • David Jackson – saksofon, fløyte

Oppløyst

1975–1976 1977 1977–1978 1978–2004
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Hugh Banton – orgel, basspedalar, bass
  • Guy Evans – trommer
  • David Jackson – saksofon, fløyte
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Guy Evans – trommer
  • Nic Potter – bass
  • Graham Smith – fiolin
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Guy Evans – trommer
  • Nic Potter – bass
  • Graham Smith – fiolin
  • Charles Dickie – cello, klaverinstrument

Oppløyst

2005–2006 Sidan 2006
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Guy Evans – trommer
  • Hugh Banton – orgel, basspedalar, bass
  • David Jackson – saksofon, fløyte
  • Peter Hammill – gitar, piano, klaverinstrument, vokal
  • Guy Evans – trommer
  • Hugh Banton – orgel, basspedalar, bass

Tidslinje endre

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Van der Graaf Generator.


Kjelder endre

  1. Ankeny, Jason. «Van der Graaf Generator – Biography & History». AllMusic. Henta 25. juli 2020. 
  2. 2,0 2,1 Christopulos & Smart 2005, s. 3.
  3. Jason Ankeny. «Van der Graaf Generator – Music Biography, Credits and Discography : AllMusic». allmusic.com. Henta 25. juli 2020. 
  4. Christopulos & Smart 2005, s. 5.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 «Interview with Chris Judge Smith by Jim Christopulos». 14. februar 2003. Henta 25. juli 2020. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Manchester Independent (7. mai 1968). «Progress of a Pop Group». Henta 25. juli 2020. 
  7. Christopulos & Smart 2005, s. 1.
  8. Christopulos & Smart 2005, s. 9.
  9. Christopulos & Smart 2005, s. 14.
  10. Manchester Independent (21. mai 1968). «The Van Der Graaf Bow Out». Henta 25. juli 2020. 
  11. «The Organs of Hugh Banton & Van Der Graaf Generator». Henta 25. juli 2020. 
  12. «Scene». Disc and Music Echo. Henta 25. juli 2020. 
  13. «Singles reviews». Melody Maker. 18. januar 1969. Henta 25. juli 2020. 
  14. «VAN DER GRAAF GENERATOR – FIREBRAND rare ORIGINAL 1968 / PSYCH / PROG / MINT- – auction details». Popsike.com. 
  15. 15,0 15,1 Christopulos & Smart 2005, s. 32.
  16. 16,0 16,1 Buckley 2003, s. 1127.
  17. 17,0 17,1 Christopulos & Smart 2005, s. 36.
  18. David Moskowitz (21. oktober 2010). The Words and Music of Jimi Hendrix. ABC-CLIO. s. 5. ISBN 978-0-313-37592-7. Henta 25. juli 2020. 
  19. Christopulos & Smart 2005, s. 35.
  20. Christopulos & Smart 2005, s. 42–43.
  21. 21,0 21,1 Jackson 1990, s. 2.
  22. 22,0 22,1 Christopulos & Smart 2005, s. 49.
  23. 23,0 23,1 Christopulos & Smart 2005, s. 50.
  24. Christopulos & Smart 2005, s. 55.
  25. Kavanagh 2002, s. 59.
  26. Christopulos & Smart 2005, s. 62.
  27. Christopulos & Smart 2005, s. 63.
  28. «Chart Archive : Van De Graaf Generator – The Least We Can Do Is Wave To Each Other». Henta 25. juli 2020. 
  29. Christopulos & Smart 2005, s. 65.
  30. Christopulos & Smart 2005, s. 76.
  31. Christopulos & Smart 2005, s. 82.
  32. Jackson 1990, s. 3.
  33. Christopulos & Smart 2005, s. 87.
  34. Christopulos & Smart 2005, s. 84.
  35. Christopulos & Smart 2005, s. 73–74.
  36. Christopulos & Smart 2005, s. 88–89.
  37. Richard Williams (27. mars 1971). «Six bob gigs which made Van der Graaf». Melody Maker. Henta 25. juli 2020. 
  38. Keith Altham (May 1971). «The Generator are staying very content on the Continent». Record Mirror. Henta 25. juli 2020. 
  39. 39,0 39,1 39,2 Jackson 1990, s. 4.
  40. 40,0 40,1 40,2 40,3 Mark Powell (2005). Pawn Hearts remastered CD. Van der Graaf Generator. Virgin / EMI. CASCDR 1051. 
  41. Christopulos & Smart 2005, s. 131.
  42. Macan 1997, s. 250.
  43. Christopulos & Smart 2005, s. 137.
  44. Steve Peacock (29. januar 1972). «Van der Graaf singer Peter Hammill talks to Steve Peacock». Sounds. Henta 25. juli 2020. 
  45. Dave Thompson. «Van der Graaf Generator – Theme One». Henta 25. juli 2020. 
  46. 46,0 46,1 Jackson 1990, s. 5.
  47. «Masters from the Vaults DVD (review and notes)». Henta 25. juli 2020. 
  48. Christopulos & Smart 2005, s. 141.
  49. Christopulos & Smart 2005, s. 152–154.
  50. Christopulos & Smart 2005, s. 195–196.
  51. 51,0 51,1 51,2 51,3 Kavanagh 2002, s. 63.
  52. Christopulos & Smart 2005, s. 197.
  53. Christopulos & Smart 2005, s. 201.
  54. «Godbluff – review». Melody Maker. 1975. Henta 25. juli 2020. 
  55. Geoff Barton (1975). «Graaf's Bluff is just enough». Sounds. Henta 25. juli 2020. 
  56. 56,0 56,1 Jackson 1990, s. 7.
  57. Christopulos & Smart 2005, s. 301–302.
  58. Platenotat av Peter Hammill for «Time Vaults», cd (1992). Thunderbolt.
  59. Christopulos & Smart 2005, s. i.
  60. McDonald, Steven. «The Union Chapel Concert». AllMusic. Henta 25. juli 2020. 
  61. «Van der Graaf Generator». Primary Talent. Henta 25. juli 2020. 
  62. Marsh, Peter (2005). «Van Der Graaf Generator – Present». BBC Music. Henta 25. juli 2020. 
  63. Thompson, Dave. «Present – Van der Graaf Generator». AllMusic. Henta 25. juli 2020. 
  64. Couture, François. «Real Time – Van der Graaf Generator». AllMusic. Henta 25. juli 2020. 
  65. 65,0 65,1 Robin Eggar (29. mai 2005). «In prog they trust». The Sunday Times. Henta 25. juli 2020. 
  66. «Van der Graaf Generator». WDR. Henta 25. juli 2020. 
  67. Hammill, Peter (December 2005). «Sofa Sound Newsletter 28/Dec 2005». SofaSound. Henta 25. juli 2020. 
  68. 68,0 68,1 Hammill, Peter (March 2007). «Sofa Sound Newsletter 31/March 2007». SofaSound. Henta 25. juli 2020. 
  69. «Van der Graaf Generator at the Paradiso, Amsterdam April 14th 2007». Henta 25. juli 2020. 
  70. «Gouveia Art Rock Festival». Henta 26. juli 2020. 
  71. «Van Der Graaf Generator». NEARfest tour programme: 10–13. Henta 25. juli 2020. 
  72. «Van der Graaf Generator at NEARfest, Bethlehem, PA, USA». Henta 25. juli 2020. 
  73. «Interview with Peter Hammill by Anil Prasad». Henta 26. juli 2020. 
  74. Brown, Helen (30. juni 2013). «Van der Graaf Generator : Barbican». Daily Telegraph. Henta 25. juli 2020. 
  75. «Venezia, prende il volo EarlyBird, il progetto ecologista italo-russo». Russia Beyond The Headlines (på italiensk). 9. juni 2014. Arkivert frå originalen 7. desember 2014. Henta 26. juli 2020. 
  76. «Merlin Atmos». SofaSound. Henta 26. juli 2020. 
  77. «The Quietus – Reviews – Van Der Graaf Generator». The Quietus. Henta 14. mai 2015. 
  78. Dom Lawson. «After the Flood: Van der Graaf Generator at the BBC 1968–77 review – prog power». the Guardian. Henta 14. mai 2015. 
  79. «Do Not Disturb – Cherry Red Records». cherryred.co.uk. Henta 26. juli 2020. 
  80. «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb». The Quietus. 23. september 2016. Henta 26. juli 2020. 
  81. Internet Archive Wayback Machine. Web.archive.org (2. november 2013). Henta on 26. juli 2020.
  82. Kavanagh 2002, s. 58.
  83. 83,0 83,1 83,2 Christopulos & Smart 2005, s. 90.
  84. «Q Magazine – Cash for Questions». Henta 25. juli 2020. 
  85. «Pop/Rock » Art-Rock/Experimental » Neo-Prog». AllMusic. Henta 28. juli 2015. 
  86. Mann, Rachel (20. mai 2013). «This Must Be The Plaice: Fish's Favourite Albums». The Quietus. Henta 25. juli 2020. 
  87. Buckley, David (October 2003). «Back to the future». Mojo (119): 50. 
  88. «Van Der Graaf Generator will release 13th album Do Not Disturb in September». June 2016. Henta 26. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Van der Graaf Generator